Hopp til innhold

Kommuneleiinga kan bli politimeld

Raudt og Frp krev at kommunen gjer greie for alkoholforsvinninga under Tall Ships Races.

Måløy sentrum
Foto: Ottar Starheim / NRK

Kommuneleiinga i Vågsøy kan bli politimeld, dersom det ikkje kjem gode forklaringar på kvar all den forsvunne alkoholen etter Tall Ships races har teke vegen.

Det er haldninga til partia Raudt og Frp i Vågsøy.

- Fleire tusen liter borte

- Viss ikkje Tall Ships Races kan komme med ei god forklaring på det som har forsvunne, så er det eit grovt brot på skjenkelova, seier Frp-formann Kjell-Bjørn Refvik i Vågsøy.

Han er sjokkert over den ukontrollerte alkoholbruken under arrangementet.

Det er også partiet Raudt.

- Fleire tusen liter er borte. Vi er avhengige av å få ei forklaring på dette, seier Geir Oldeide.

- Må etterforske saka

Vågsøy kommune spanderte bort store mengder alkohol under Tall Ships Races. I tillegg skal store mengder ha forsvunne.

Ifølgje rådmann Ørjan Raknes Forthun skal dei forsvunne alkoholmengdene vere på 1050 liter øl og 44 liter brennevin. Men Oldeide meiner tala kan vere så høge som 2500 liter.

- Det er så mange liter og så mange kroner som ikkje er gjort reie for, at om vi ikkje får betre svar, så må nokon etterforske saka - og det er berre politiet som kan gjere, seier han.

Konfidensiell avtale

- Eg synest det er galt. Vi sit her i kommunen og kven som skal få skjenkeløyve, og så har vi rett og slett ikkje kontroll sjølv, seier Refvik.

Rådmann Ørjan Raknes Forthun ønskjer ikkje å kommentere saka. Han ønskjer heller ikkje å seie noko om kor mykje øl kommunen fekk sponsa av Hansa. Rådmannen viser til at avtalen mellom Hansa og kommunen er konfidensiell.