Hopp til innhold

«Det kan skje feilbehandling som kan få betydelege konsekvensar for pasienten»

AURLAND (NRK): Kommunelege Trygve Ness i Aurland er sterkt uroa over forholda ved det lokalmedisinske senteret i Lærdal. Fylkeslegen har opna tilsynssak.

Kommuneoverlege i Aurland, Trygve Ness

BEKYMRINGAR: Kommuneoverlege i Aurland, Trygve Ness, har sendt brev til fylkeslegen om fleire forhold ved Sogn lokalmedisinske senter som han er uroa over.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Trygve Ness har sendt eit bekymringsbrev til fylkeslegen om fleire forhold ved Sogn lokalmedisinske senter. Senteret er eit interkommunalt samarbeid, og har legevaktsentral, legevakt og kommunale akutte døgnplassar – såkalla KAD-plassar.

Mangel på erfarne legar og kontinuitet er blant bekymringane til Ness, men også manglar ved journalføringssystemet.

– Vi har eit journalsystem der ikkje alle legane som jobbar i KAD, har tilgang. Viss legen har tilsyn på kveldane eller i helg, kan han oppleve å ikkje ha tilgang i journalsystemet. Han må ofte be om tilgang frå sjukepleiar, og skrive notat i sjukepleiejournalen. Av og til skjer det at legen har vore på visitt, men ikkje skriv noko i det heile, fordi han ikkje har tilgang til journalsystemet.

– Følgja er at det kan vere ting ein går glipp av, at informasjon som ikkje blir gitt vidare. Det kan skje feilbehandling som kan få betydeleg konsekvensar for pasienten, seier Ness.

I brevet til fylkeslegen hevdar Ness at det har skjedd ei alvorleg og livstrugande hending – noko fylkeslegen skal sjå nærare på.

– Tungvint

Lærdal kommune har driftsansvar for senteret. Kommuneoverlege i Lærdal, Hans Johan Breidablik, fortel at nokre av problemstillingane har vore kjende for dei.

– Det er ikkje så lenge sidan KAD-ordninga blei oppretta i Lærdal. Det var mykje av omsyn til personalet ved at ein valde eit sjukehussystem. Det er klart at delar av dette systemet er noko meir tungvint enn å bruke system frå allmennpraksis, som legane kjenner best.

Hans Johan Breidablikk

FORSVARLEG: Drifta av Sogn lokalmedisinske senter er forsvarleg, seier kommuneoverlege i Lærdal, Hans Johan Breidablik. Lærdal kommune har driftsansvar for senteret.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Han meiner systemet er noko tungvint, men ikkje uforsvarleg.

– Får personalet den informasjonen dei treng for å behandle pasientane?

– Ja, det trur eg at ein må seie at dei får. Men det er litt meir tungvint. Vi har tenkt å gå laus på det at ikkje alle legane har sin eigen tilgang, slik at dei har måtta notere og skrive namnet sitt på ein annan sin tilgang. Det må vi prøve å ordne.

Tilsynssak

Breidablik har no systemansvar for KAD-ordninga, men viser til at Ness sjølv inntil årsskiftet hadde systemansvar.

– Det er snakk om veldig kort tid der vi har kunna gå inn i dette, seier Breidablik.

Fylkeslegen har opna tilsynssak for å sjå nærare på fleire forhold ved senteret.

– Vi har fått ei uromelding frå ein erfaren lege i fylket. Den tar vi på alvor og går inn i saka. Uromeldinga gir spesiell grunn til å fatte interesse for organisasjon og fagleg leiing ved institusjonen, kommenterer fylkeslege Per Steinar Steinsland.

Breidablik meiner drifta av senteret er forsvarleg.

– Viss ikkje vi som driv det meinte det, kunne vi ikkje fortsett å drive det. Viss Fylkesmannen meiner noko anna, må vi forholde oss til det.