Hopp til innhold

Kommune kalla inn til krisemøte

LUSTER (NRK): – Det har vore ein fin sommar om du likar å sole deg og bade, men håplaust for dei som driv jordbruk. Denne situasjonen pregar kommunen, seier ordførar Ivar Kvalen (Sp).

Tørke

TØRT: Dette biletet er teke i Stryn i juli, men situasjonen er lik både i Luster og mange andre stader i Noreg.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Tysdag kveld arrangerte Luster kommune møte for bøndene for å kome med råd til kva dei kan gjere etter dårlege slåttar etter ein uvanleg tørr sommar.

– Det var visst ein liknande sommar i 1947. Det er 70 år sidan, så dette er ein unormal situasjon.

Jon Geir Sperle

MJØLKEBONDE: Jon Geir Sperle er enno usikker på om dei får nok mat til dyra.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Bønder over heile landet fortvilar over den langvarige tørken og fryktar dei får for lite mat til dyra. Jon Geir Sperle er mjølkebonde i Jostedalen og ser at situasjonen deira vil bli krevjande ut over hausten. Han er glad for kommunen sitt initiativ til eit møte.

– Vi er ute etter tips, for vi har kome i same situasjon som mange andre at vi har lite for. Det er ikkje kjekt om eg ikkje har nok fôr til å kome gjennom vinteren, seier han.

Han fortel om ein dårleg førsteslått som var om lag 50 prosent av det som er vanleg, men håper å hente seg inn att no når det har kome regn.

– Vi baserer oss også på ein god del kjøp av for, men i verste fall må vi redusere talet på dyr.

Ei krevjande tid

Møte i Luster

FOLKEMØTE: Bøndene stilte opp på møtet som kommunen arrangerte.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Ordførar Ivar Kvalen seier at møtet blei arrangert fordi dei har fått mange spørsmål frå bønder. Nokre må kanskje slakte dyr, og for mange er det økonomisk krevjande.

– Mange er usikre på korleis dei skal møte vinteren med fôring. Då er det viktig å komme saman slik at folk både får lufte frustrasjonar, men også sjå moglegheiter til å komme seg over kneika.

– Kva kan kommunen gjere?

– Vi prøver å vere på tilbodssida. Er det nokon som treng bistand, så stiller kommunen opp. Men no verkar det slik at bransjen sjølv, i samarbeid med mellom anna Tine, Nortura og Felleskjøpet, ser på måtar å leggje om fôringa på og organisere kjøp av fôr.

Veit meir til hausten

Mjølkebonde Jon Geir Sperle seier han fekk gode tips og råd på møtet.

– Det er viktig å vere «på». Vi hadde ikkje eit toppår i fjor heller, så vi har allereie gjort nokre av omleggingane som blei føreslegne på møtet, mellom anna når det gjeld kraftfor.

Marit Henjum Halsnes i Norsk Landsbruksrådgiving Vest seier det er for tidleg å konkludere. Ho seier det er store forskjellar hos bøndene.

– Det blir veldig spennande når vi skal oppsummere denne sesongen. Vi veit meir september eller oktober om korleis vi kjem ut av det. For enda er det ein del beite som kan brukast og nokre kan berge både ein andreslått og ein tredjeslått, seier ho.