Hopp til innhold

Kommune delt i to av kamp om gruvesak og strid rundt kraftline

Store saker vil påverke valet i Naustdal.

Naustdal sentrum mot Blegja
Foto: Ottar Starheim / NRK

Valet i Naustdal i år blir spennande av di det har eit par store saker som bakteppe.

Vevring-saka

er truleg den mest kontroversielle saka av nasjonal karakter som fylke har hatt på lenge. Det er nok berre dei stor kraftutbyggingssakene/vernesakene som kan samanliknast. Og også der har Naustdal hatt sin del med kampen kring utbygging/vern av Nausta/Gjengedals-vassdraget i si tid.

Eit klårt fleirtal av politikarane i Naustdal har sagt ja til gruveplanane i Vevring, og lar det vere opp til faglege styresmakter å avgjere om det er forsvarleg å dumpe store mengder gruveslam i Førdefjorden.

To parti i kommunestyret sa nei: SV og RV. I tillegg har Venstre sin nye ordførarkandidat Øystein Djupvik sagt om lag det same. Venstre er ikkje i kommunestyret i dag, men håpar saman med Raudt og SV å sanke stemmer på Vevringsaka.

Kraftlina

Den store kraftlina (420 kV-lina) gjennom fylket er på det næraste plassert, med unntak gjennom Naustdal. Politikarane – og folket – er ueinige om kva alternativ som er minst skadeleg: over Grimseth nær sentrum eller via Trodalen og så krysse Naustedalen lenger oppe.

Saka blir avgjort av departementet før jul, men partia sine standpunkt har nok veljarane merka seg.

Skulestrid

har vore eit gjengangartema i Naustdal. Denne gongen har det ikkje vore det heitaste tema før Venstre og Øystein Djupvik kasta det inn midt i valkampen. Spørsmålet er om skulesak er ei vinnarsak for partiet – vanlegvis er det ikkje det.

Elles er utviklinga av Naustdal sentrum eit tema som politikarane er opptekne av, og inn i dette ligg også utvikling av skule tilbod og tilbod til eldre og sjuke.

Ordførar-uvisse

I dag sit Ap med ordførar (Håkon Myrvang) og H med varaordførar (Harald Kvame) Begge stiller på igjen, men i ein kommune med så kontroversielle saker er ordførarspørsmålet ganske ope.

Det gamle ordførarpartiet Sp stiller i år med Viggo Leikanger etter Jan Herstad.

Ole Erik Thingnes går på igjen for SV, Marius Reiakvam er Frp sin mann, veteranen Magnar Falkestein stiller igjen for Raudt og Margunn Hope Hjartholm Dyrdal er ny listetopp for Krf.

Naustdal - kommuneval

 

Ap

SV

RV

SP

KrF

V

H

FrP

Andre

1995

12,0

12,2

1,7

35,4

11,0

5,5

22,2

 

 

1999

12,1

11,5

3,3

20,8

7,7

3,3

18,3

2,5

20,5

2003

21,5

9,8

5,2

30,8

7,3

3,6

16,7

5,2

 

2007

28,9

6,8

4,9

21,9

6,9

  -

30,4

  -