Hopp til innhold

Kommunar med under 5000 innbyggjarar får ikkje busetje flyktningar – tull, meiner ordførar

Storleik på kommunen skal vege tyngst, når det skal bestemmast kven som får busetje flyktningar i 2018. – Skuffande, meiner Leikanger-ordføraren.

Jon Håkon Odd

LEIKANGER: Ordførar Jon Håkon Odd seier det får konsekvensar for heile kommunen at dei ikkje får busetje flyktningar i 2018.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er synd at regjeringa først får norske kommunar til å byggje opp kapasiteten for å ta i mot flyktningar, for så å ta det brutalt ned igjen, seier Jon Håkon Odd, ordførar i Leikanger.

Norske kommunar skal busetje langt færre flyktningar i år enn i fjor. 4400 flyktningar skal busetjast i Norge i 2018, mot 11 500 i fjor.

I kriteria for kva kommunar som skal busetje flyktningar har Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) latt storleiken på kommunen vege tyngst. I utgangspunktet skal flyktningane busetjast kommunar med over 5000 innbyggjarar. Det er ikkje ordføraren i Leikanger nøgd med.

– Eg tykkjer det er tull. Ein må heller sjå på lokalsamfunnet sin evne til å integrere flyktningane. Det er for enkelt å si at stort er godt og bruke det som kriterium på eit så viktig arbeid, seier Odd.

Vil behalde vedtaket

Leikanger kommune har dei to siste åra busett over 40 flyktningar. Det har vore eit viktig tilskot til folketalsutviklinga for bygda med rett over 2300 innbyggjarar.

– Det er ingen tvil om at for ein liten kommune på Vestlandet, så er det med på å hindre avfolking i distrikta. Flyktningane bidrar positivt på veldig mange måtar og dei er kjempeviktige for det lokale arbeidslivet, seier ordføraren.

I Leikanger har dei alt gjort vedtak om å busetje flyktningar i 2018. No vil dei sende brev til direktoratet for å be om å få busetje flyktningar likevel.

– Får vi ikkje busetje flyktningar så forsvinn også rammeoverføringane frå staten og det har konsekvensar for fleire enn flyktningane. Dette er pengar som har kome fellesskapet i kommunen til gode.

– Behovet er for lågt

Rekordlåge tal på flyktningar som skal busetjast har fått IMDi til å stramme inn på kriteria til kommunane som skal busetje.

– Det er på grunn av praktiske omsyn at storleiken på kommunen er det kriteriet som veg tyngst. Det heng saman med kapasitet og tilgjengelegheit på tenester og tenesteapparat, seier Halwan Ibrahim, direktør for busettings- og kvalifiseringsavdelinga i IMDi.

Halwan Ibrahim

IMDI: Halwan Ibrahim er direktør for busettings- og kvalifiseringsavdelinga i IMDi. 

Foto: NRK

Han forstår at det er mange kommunar som er skuffa over at dei ikkje får busetje flyktningar i 2018.

– Når behovet er så lågt som no, så er det praktisk umogleg å busetje i alle kommunar, seier Ibrahim.