Hopp til innhold

Kommunar kan bli sett under styring

Bremanger og Vik kan bli sett under direkte styring av fylkesmannen som følgje av Terra-skandalen.

Oddvar Flæte
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

HØYR: Kan bli statleg styrt

Kommunane har investert fleire hundre millionar kroner i Terra Securities, som i dag vart slått konkurs.

Direkte styring

Dersom investeringane vert bokført som tap, varslar fylkesmann Oddvar Flæte at det kommunale sjølvstyre kan vere ein saga blott.

- I den ytterste konsekvens, så kan det bli oppnemnt ei tilsynsnemnd for kommunen som består av ordførar, rådmann og tre eller fleire som vert oppnemnt av kommunal- og regional departementet. Det betyr at kommunen blir sett under direkte styring, seier han.

- Første gang

- Det er ein så dramatisk situasjon at vi skal svært langt attende for å finne liknande. Eg kjenner ikkje til at det har vore i Sogn og Fjordane tidlegare. Men no er det intense diskusjonar, så eg vonar inderleg at ein kjem eit stykke vidare, seier han og minner om at bankane har eit moralsk ansvar i å ordne opp.

Flæte er opprørt over at kommunane fullførde dei risikofylde investeringane. No vil han samle inn sakspapira for å gå igjennom det kommunane har gjort.