Hopp til innhold

Kommunar i beredskap

I Årdal, Aurland og Stryn følgjer dei no vêrsituasjonen nøye. I Luster har kraftig nedbør og snøsmelting ført til flaum og store skadar. Så langt har nabokommunane gått klar dei største problema. I Stryn seier ordførar Sven Flo at dei har hatt nokre mindre hendingar, men ikkje noko alvorleg. – Vi følgjer situasjonen nøye ut over kvelden og er klare til å sette krisestab på kort varsel.