Hopp til innhold

Fleire kommunar får refs for svikt i barnevernet

Seks kommunar i fylket har fått påtale frå Fylkesmannen for fristbrot i barnevernet.

– Siste halvår i 2010 fekk vi melding om 37 fristbrot, og det er ikkje haldbart, seier seksjonsleiar Arne Røyrvik hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Verstingkommunane er Bremanger med elleve fristbrot. Samarbeidet Sogndal, Leikanger, Luster hadde sju fristbrot, Førde hadde fem og Flora tre fristbrot.

37 born råka

Kommunane har etter lova plikt til å gjere tiltak i barnevernsaker innan tre månader. Unntaksvis kan ein bruke seks månader.

37 born i Sogn og Fjordane fekk ikkje undersøkt sine saker innan fristen på seks månader i siste halvår i fjor.

– Kommunane har no fått frist til å forklare seg, seier Røyrvik.

Fleire saker

Kommunane har lenge skulda på ressursmangel når dei ikkje klarer å følgje opp alle saker innan fristane og Røyrvik innser at oppgåvene har auka meir enn ressursane.

– Talet saker har auka kraftig dei siste åra, utan at barnevernet har fått fleire tilsette. Det store talet på fristbrot er skuffande, og det dårlegaste vi har hatt på lang tid, seier Røyrvik.

Dersom kommunane ikkje skjerpar seg og følgjer lova framover, kan Fylkesmannen gje bøter.