NRK Meny
Normal

Kommunar bryt konfirmasjonslova

Mange kommunar i Sogn og Fjordane bryt lova som seier at konfirmasjonsundervisninga ikkje lenger skal liggja i skuletida.

I følgje kyrkjelova skal konfirmasjonsundervisninga no skje etter skuletid.

Lova vart endra i fjor sommar, men berre nokre få kommunar har teke dette på alvor. 

- Urettferdig 

Førde er blant kommunane som framleis har konfirmasjonsførebuing i skuletida, men det er ikkje alle elevane nøgde med. Dei som konfirmerer seg borgarleg har undervisning på kveldstid, og misser skuleundervisning dei timane dei andre elevane har konfirmasjonsførebuing. Det synes elevane er urettferdig.

I Flora er det også framleis konfirmasjonsførebuing i skuletida, men Ap-politikar Sander Øderlien vil ta opp saka i bystyret.

- Det er ikkje rettferdig at ein har ei slik ordning ein har i dag. Og når opplæringslova seier at det ikkje skal skje i skuletida, så er det vel ikkje mange argument for at den praksisen ein har skal fortsette, seier Ødeliem 

Vedtok undervisning  i skuletida

I Jølster kommune bestemte politikarane i går at konfirmasjonsundervisninga framleis skal skje i skuletida. Fleiretalet trossa både den nye lova, rektor, lærarar og foreldreutval ved Vassenden skule.

Lova opnar nemleg for at kommunane kan få unnatak dersom det er lange avstandar som krev skuleskyss. Og ordførar Gerd Dvergsdal seier det vil koste meir å ha undervisninga utanfor skuletida.

I Vik derimot går det mot å ta konfirmasjonsundervisinga ut av skule frå neste år. Årdal kommune følgjer også den nye lova.

 

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.