Men berre SV og Arbeidarpartiet støttar Senterpartiet, medan Framstegspartiet sikrar fleirtal for regjeringa.
Naustdal ville fått million
Med tre milliardar meir til kommunane, slik Senterpartiet føreslo, ville ein kriseråka kommune som Naustdal ha fått nesten ein million kroner meir i året. I staden må kommunestyret denne veka vedta endå fleire innsparingar som reduserer velferdstilbodet i den kriseråka kommunen.
Knut M. Olsen i Sp meiner Frp burde ha støtta dei. (Foto: NRK)
Fylkesleiaren i Senterpartiet, Knut M. Olsen, meiner Framstegspartiet burde ha sikra fleirtal for ekstra pengar til kommunane i staden for å støtte regjeringa.
- Rovdrift
Stadig trongare kommuneøkonomi fører mellom anna til høgt sjukefråver i mange kommunar på grunn av det Knut M. Olsen og Senterpartiet kallar rovdrift på dei tilsette. I ein slik situasjon burde det vere fleirtal på Stortinget for ei handsrekning til kommunane, meiner han.