Hopp til innhold

Kommunane sviktar krisesenteret

Sju kommunar kuttar i støtta til krisesenteret, ein nektar å løyve så mykje som ei krone.

Utsatt for vold
Foto: Colourbox.no

- Når kommunane kuttar tilskota til krisesenteret så kuttar staten tilsvarande, og det kan få ganske store konsekvensar. Det er forferdeleg frustrerande, seier dagleg leiar for krisesenteret i Sogn og Fjordane, Wenche Hovland.

Sju kommunar i fylket har kutta i støtta til senteret, Hornindal har kutta den heilt ut.

Taper 80.000 på Hornindal

- Vi har søkt 13.620 kroner frå Hornindal. Med statstilskot på det taper vi over 80.000 kroner, seier Hovland.

For ordninga er slik at om kommunen spyttar inn 20 prosent, betalar staten 80. Difor tapar ein totalt nærmare 800 000 kroner på at sju kommunar kuttar i støtta.

- Totalt tap for oss utgjer 778.550 kroner, og det er mykje pengar for oss. Det betyr at vi må kutte ned når vi reviderer budsjettet. Det er trist fordi brukarane vi har på krisesenteret eigentleg er kommunane sitt ansvar, og dette kostar ikkje kommunane meir enn dei gir oss i tilskot, seier Hovland.

Overraska over å vere åleine


Men Hornindal kommune har likevel som einaste i fylket valt å ikkje gje ei einaste krone. Ordførar Bjørn Lødemel verkar overraska over å vere åleine om det.

- Det var veldig tronge tider og vi vurderte det slik at det var andre ting som skulle få pengar, seier Lødemel.

- Men når kommunar som er under statleg administrasjon eller Terra-kommunar har råd til det, kvifor ikkje Hornindal?

- Det var ei vurdering kommunestyret gjorde, men det er også sagt at vi skal sjå på dette når rekneskapen for 2008 er klar slik at vi kanskje kan gjere ei justering, seier Lødemel.