Av: Gisle Forland
- Byggjearealet blir stadig mindre her i landet. Difor kan det blir meir freistande å ikkje tenkjer tryggleik når ein tillet bygging. Nettopp difor vil vi tydeleggjere dette, seier Stein Haakonsen i Finansnæringens Hovudorganisasjon.
Han meiner at krav om tilbakebetaling kan vere eit verkemiddel for å synleggjere kven som har ansvaret.
Kostnadane frå ras- og flaumherjinga denne veka kan kome opp i eit titals millionar kroner. Håkonsen meiner at kommunane kan stillast økonomisk ansvarleg.
- Problemstillinga kom opp første gong etter flaumen på austlandet i 1995. Då såg vi at mange hus var bygde på stadar der det ofte var flaumskader.
Forsikringsbransjen har tidligare vunne fram i saker mot kommunar som har vore for slepphendte med å godkjenne bygging på rasutsette stadar. Erstatningskrav kan og bli retta mot kommunar i Sogn og Fjordane.
- Det meste er forsvarleg gjort. Men ser vi tilfelle der det er gjeve løyve til å byggje mot betre vitande, så er det greitt å ha eit ris bak spegelen, seier han.