Hopp til innhold

Kommunane seier nei til søndagsope

19 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane har sendt inn høyringssvar til regjeringa og alle er negative til ei lovendring som opnar for søndagsopne butikkar.

Høyanger sentrum

RUNGANDE NEI: Høyanger kommune er ein av 19 kommunar i fylket som ikkje ønskjer søndagsopne butikkar.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

I går gjekk fristen ut for kommunane som ønskte å seie si meining om søndagsopne butikkar. NRK har vore i kontakt med alle kommunar i fylket for å finne ut korleis dei stiller seg. Resultatet er lett å analysere: alle som har svart er i mot.

Høyanger er dei som var mest tydlege:

– Høyanger kommunestyre seier eit klart NEI til søndagsopne butikkar!, skriv dei i høyringssvaret til regjeringa.

Her er oversikta:

  • Askvoll: Nei.
  • Aurland: Har ikkje sendt svar. Delar av kommunen har turiststad-unntak og kan ha søndagsope.
  • Balestrand: Nei.
  • Bremanger: Ukjent.
  • Eid: Nei.
  • Fjaler: Nei. Delar av kommunen har turiststad-unntak og kan ha søndagsope.
  • Flora: Nei.
  • Førde: Nei.
  • Gaular. Nei.
  • Gloppen: Nei.
  • Gulen. Nei.
  • Hornindal: Nei.
  • Hyllestad: Har ikkje sendt svar. Det er likevel brei politisk semje om at dei ikkje ynskjer søndagsope.
  • Høyanger: Nei.
  • Jølster: Har ikkje sendt svar. Delar av kommunen har turiststad-unntak og kan ha søndagsope.
  • Leikanger: Nei.
  • Luster: Nei.
  • Lærdal: Nei. Delar av kommunen har turiststad-unntak og kan ha søndagsope.
  • Naustdal: Har ikkje sendt svar.
  • Selje: Nei.
  • Sogndal: Nei.
  • Solund: Har ikkje sendt svar.
  • Stryn: Nei, men presiserer at dei vil halde på turiststad-unntaket.
  • Vik: Nei.
  • Vågsøy: Nei.
  • Årdal: Har ikkje sendt svar. Saka har ikkje vore handsama politisk, men ordføraren og resten av Årdal Ap er mot.

19 av 26 kommunar seier dermed eit klart nei til søndagsopne butikkar, ingen er for. Seks kommunar har av ulike grunnar ikkje sendt inn svar.

Argumenterer i mot

Bakgrunnen er at Kulturdepartementet føreslår å endre heilagdagslova, slik at det blir tillate for butikkar å halde ope på søndag. Argumentet er at dette vil gje eit servicetilbod til innbyggjarane og ekstra pengar i kassa for butikkane.

Argumenta kommunane brukar for å seie nei varierer både i lengd og innhald, men kan summerast opp i nokre få punkt:

  • Vern om søndagen som ein heilagdag.
  • Ønskje om å skåne dei som jobbar i varehandelen.
  • Det er ikkje behov for å ha ope på søndagar.
  • Samfunnet treng ein felles fridag.

Turiststader har unntak

Allereie i dag er det unnatak frå regelen om at butikkane skal halde stengt på søndagar. Best kjent er kanskje at butikkar under 100 kvadratmeter er unnateke, dei såkalla «Brustad-buene».

Noralv Distad

UNNTAK FRÅ REGELEN: Gudvangen og Flåm i Aurland er blant bygdene der butikkane kan ha søndagsope, fordi dei har turiststadstatus. Ordførar Noralv Distad seier at andre delar av kommunen òg kan få statusen.

Foto: Ole André Rekkedal

Men også dei som har status som turiststader har smotthol i regelverket. Her i fylket gjeld det Aurland, Lærdal, Stryn og Jølster. Her er det opna for at butikkane ha søndagsope frå midten av mai til midten av september.

I Aurland har Flåm og Gudvangen ein slik status. Ordførar Noralv Distad seier andre delar av kommunen òg kan få statusen, dersom det er ønskje om det. Utover det har ikkje saka vore handsama politisk.