Hopp til innhold

Kommunane har funne fleire hundre ledige senger til flyktningar

Hotel, pensjonat, ombygde skular og brakkeriggar er berre nokre av dei husværa kommunane stiller til disposisjon for å innkvartere flyktningar.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand

OVERVELDA: Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand er overvelda over responsen frå kommunane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Førre veke fekk kommunar over heile landet i oppdrag å melde til fylkesmannen om moglege husvære. Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand seier responsen er overveldande.

– Den kan ikkje karakteriserast som noko anna enn veldig positiv, nær sagt overveldande, seier han.

God respons, trass kort frist

Kommunane fekk oppdraget fredag: Finn ut kvar din kommune kan innkvartere flyktningar.

Fristen var kort, i går hadde fylkesberedskapssjef fått svar frå alle dei 26 kommunane i fylket.

– Alt frå skular, til brakkeriggar, til hotell, sjukeheimar eller omsorgsinstitusjonar som er i ferd med å bli tekne ut av ordinær bruk. Så det er veldig mange ulike alternativ det kan vere interessant for utlendingsmyndigheitene å gå vidare med, seier Stensvand.

– Eit ønskje om å hjelpe

Berre i førre veke kom 2000 flyktningar til landet. UDI har tidlegare sagt dei forventar at mellom 20 og 25 tusen flyktningar vil kome til landet før nyttårsrakettane stig til vers. Men talet kan bli enno høgare. Behovet for husvære er stort.

Bente Nesse

VIL HJELPE: Rådmann i Hyllestad, Bente Nesse, seier kommunen gjere sin del for å avhjelpe flyktningkrisa i Syria.

Foto: Pressefoto

Vesle Hyllestad kommune klarte åleine å finne 80 til 100 ledige senger, mellom anna i ombygde skular, seier rådmann Bente Nesse.

– Vi har ein i Leirvik og ein i Sørbøvåg som er ombygde med tanke på utleige, i tillegg til eit lite tidlegare pensjonat på Sørbøvåg. Det fjerde alternativet er ein av brakkeriggane på Havyard, seier ho.

Vegen vidare er at UDI nyttar denne oversikta i sitt arbeid med å finne eigna mottaksplassar. Rådmann Nesse forklarar responsen til kommunane slik.

– Det trur eg er fordi vi tek innover oss den krisa som er i Syria og det er eit ønskje om å hjelpe til så langt ein kan, seier ho.