Hopp til innhold

Kommunane har dobla lånegjelda i løpet av ti år

Gjeldsbyrda til norske kommunar har aldri vore så stor som no. Frå 2007 til 2017 vart gjelda til kommunane meir enn dobla.

Florø

KINN: Når Flora og Vågsøy slår seg saman til Kinn kommune, vil dei ha ei gjeld på kring to milliardar kroner, seier Flora-ordførar Ola Teigen (Ap). Her frå Florø.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

I 2007 var den langsiktige lånegjelda til kommunane i Noreg (utanom Oslo) på 167 milliardar kroner. Ti år seinare var gjelda auka til 396 milliardar kroner, syner tal frå Statistisk sentralbyrå. Reknar vi med Oslo er tala høvesvis 200 og 440 milliardar kroner.

Berre i eit av landets minste fylke, Sogn og Fjordane med sine kring 110.000 innbyggjarar, har kommunane nær dobla den langsiktige lånegjelda, frå seks til 11 milliardar kroner i same tidsrommet.

Åtvarar kommunane

Seniorrådgjevar hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Kåre Træen, ber kommunane tenkje seg om, før gjeldskostnadene råkar tenestetilbodet.

– Når gjelda aukar raskare enn inntektene i kommunane vil det verte brukte meir pengar på å betale renter og avdrag, og då vil det verte mindre pengar igjen til å gå tenester til innbyggjarane.

– Kva bør kommunane gjere då?

– Dei må gå inn i tala og sjå korleis nye låneopptak belastar drifta. Dei må vere særleg merksame på korleis dei finansierer investeringar med nye låneopptak, seier han.

Træen peikar på at det er viktig at politikarane har fokus på at dei først og fremst klarer å utføre lovpålagde oppgåver før det vert gjort nye investeringar.

Ikkje uroa

Dei nye storkommunane Kinn, Stad og Sunnfjord får høg gjeld når dei slår seg saman frå 2020. Spesielt Kinn må bruke ein større del av inntektene på renter og avdrag, påpeiker Træen.

Flora-ordførar Ola Teigen (Ap) er likevel ikkje særleg uroa. Han viser til at den totale gjelda til Flora og Vågsøy er på kring to milliardar kroner.

Ola Teigen vart overraska over at kystradioen skal leggast ned.

IKKJE UROA: – Gjeld er ikkje berre gjeld. Av og til må kommunar investere for å avgrense driftsutgiftene. Det er det fleire døme på i Flora kommune, seier ordførar Ola Teigen (Ap).

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Samanliknar vi oss med andre kommunar ligg vi nok litt høgare. Men vi skal hugse at lånegjeld reflekterer kva investeringar ein kommune har gjort, seier Teigen.

Tener inn på drifta

Flora-ordføraren peiker på at investeringar i eldrebustader, barnehagar og skulebygg gir dårleg utteljing på lånestatistikken, men ofte gjer at ein kan spare inn på drifta.

– Gjeld er ikkje berre gjeld. Av og til må kommunar investere for å avgrense driftsutgiftene. Det er det fleire døme på i Flora kommune.

Det er driftsnivået som til sist som er avgjerande for berekrafta i ein kommune, seier Teigen.

– Halve gjelda vår er såkalla sjølvfinansierande, betent av innbyggjarane gjennom kommunale avgifter. Det er også ein type gjeld som kjem med i statistikkane. Men det er ikkje gjeld Flora kommune har problem med å betene.

Teigen er ikkje uroa over det framtidige teneste tilbodet i nye Kinn kommune.

– Eg er ikkje det. Dei siste ti åra også vore låg rente i Noreg. At kommunane nytta sjansen til å gjere nødvendige investeringar, synest eg er naturleg