Hopp til innhold

Kommunane fekk uventa rekning på 50 millionar

SKEI I JØLSTER (NRK): Etter at årets budsjett var lagt dumpa det ned ei ny rekning for naudnettet frå staten. Det likar Kommune-Noreg dårleg.

Oddmund Klakegg

UTANFOR BUDSJETT: Jølsterordførar Oddmund Klakegg må finne 40 000 kroner til å betale rekninga med. Han meiner det skjer stadig oftare at det kjem uventa rekningar som kommunane plutseleg må finne pengar til.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

– Ingen hadde sett dette, at det kom ei slik ekstrarekning, fortel ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg.

Han har prøvd å finlese fakturaen på 40 000 kroner som kom 25. januar. Der kjem det fram at kommunane skal betale meir for naudnettet. Nettet vart innført 2015. Målet er at det skal gje brann, politi og helse høve til å kommunisere direkte med kvarandre i naudsituasjonar.

På fakturaen går det fram at kommunen frå og med i år skal betale 14,50 kroner per innbyggjar for bruken av naudnettet, medan dei tidlegare betalte 5,10 kroner. Ei nær tredobling for kommunane som utgjer 50 millionar kroner for alle kommunane i landet sett under eitt.

– Dette kom over natta på oss og veldig uforberedt. Det var varsla at brukarane skulle betale og at det kunne bli ein auke, men ikkje i denne storleiken, seier Øystein Furnes.

– Vi beklagar

Han er legevaktsjef for 13 kommunar i Sunnfjord og ytre Sogn. Der har ein spesielt stussa over at rekninga kom etter at budsjettet for 2017 var lagt. For det var først då statsbudsjettet vart lagt fram i desember at det kom ein peikepinn på at kommunane måtte betale meir.

Nødnettet har fleire gonger vore i hardt vêr. Og no har mange kommunar teke kontakt med Helsetjenestenes driftsorganisasjon for nødnett.

– Det har kome tilbakemeldingar på at dette kom lovleg seint etter at budsjetta var lagde, og dei syns auken er stor. Vi forstår det, og beklagar at endringa kom så seint, seier administrerande direktør, Lars Erik Tandsæther.

Fryktar konsekvensane

Han meiner at det heile tida har lege i korta at det er kommunane som skal ta over finansieringa av heile naudnettet. Klakegg har oppfatta saka annleis, og meiner det heile tida har vore meininga at staten skulle betale for bruk og drift også.

– Det er omtrent som at staten inviterer til lunsj, og ber kommunane ta rekninga etterpå.

I Jølster har kommunen eit eige fond som gjer det mogleg for dei å betale dei 40 000 kronene. Klakegg trur ikkje alle kommunar er like heldige. Då er det innbyggjarane som til sjuande og sist vil oppleve kutt i sine tenester og tilbod.

– Vi er oppgitt. Det er uheldig om det er slik at vi er nøydde til å budsjettere for å dekke inn ekstrakonstandar som staten finn ut at vi skal betale for i løpet av året.