Ein nabo gjorde Hopperstad merksam på skogen som var hoggen, og ved nærare ettersyn fann han at fullvaksen granskog på 4000 kvadratmeter låg nede. Vegen til kommunen var kort, og dei la seg heilt flate, fortel Hopperstad.
Forbanna
Jon Hopperstad. Foto: Arve Uglum, NRK.
Men temperaturen steig då han kom heim att, for da fekk han telefon frå rådmannskontoret med spørsmål om kommunen fekk hogge meir.
– Då blei eg sint og forbanna, for det tykte eg var vel arrogant, seier Hopperstad.
Pinleg sak
Erik Lidal er ordførar i Vik, og han forstår godt at tjuvhogst i kommunal regi ikkje fell i god jord. Han innrømmer at dette er ei pinleg sak for kommunen. Ordføraren skuldar på at dei som hogde skogen ikkje hadde fått klare nok instruksjonar om kvar grensene går.
Skogen som forsvann er taksert til knapt 80.000 kroner, skriv Sogn Avis i dag. Jon Hopperstad vil ikkje lage noko bråk om hogstflausen så sant kommunen betaler for seg.