Hopp til innhold

Kommenterte ikkje Bolstad-kritikk

Helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen vil ikkje kommentere kritikken som har kome frå fleire tilsette mot Jon Bolstad.

Anne-Grethe Strøm-Erichsen

Anne-Grethe Strøm-Erichsen, her saman med styreleiar Clara Øberg i Helse Førde, vil ikkje kommentere kritikken som er retta mot administrerande direktø Jon Bolstad.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Den administrerande direktøren har siste veka fått skarp kritikk frå fleire tilsette på grunn av leiarstilen sin.

- Ikkje aktuelt

Men helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen hadde ingen kommentar til bråket då ho i dag deltok på dialogmøtet i Helse Førde. Ho meiner kritikken er ei sak for styret og administrasjonen i helseføretaket.

- Eg berre registrerer at det er mykje debatt. Når det gjeld helseføretaket, så har dei eit styre og ein administrasjon. Dette er noko ein må ta der, seier ho.

- Så det er ikkje aktuelt å legge deg opp i det?

- Det kan eg love, at det er ikkje aktuelt for meg.

Støttar Bolstad

Både styreleiar Clara Øberg og Bolstad har avvist kritikken. Bolstad har mellom anna fått støtte frå tidlegare styremedlem Harry Mowatt , kjøkensjefen og ti fagforbund.

Det største, sjukepleiarforbundet, har derimot støtta opp om kritikken .