Hopp til innhold

KOMMENTAR: Mowatt blei vraka – no gjer han comeback

Harry Mowatt er ein av dei verkelege veteranane i Sogn og Fjordane-politikken, men blei vraka i sjukehusstriden. No gjer han comeback som ordførarkandidat i heimkommunen.

Harry Mowatt

TILBAKE: Harry Mowatt har vore ein sentral Ap-politikar i mange år.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Vallogo

Hyllestad er ein av tre kommunar her i fylket som berre har fire lister ved valet i år. Dei andre er Solund og Hornindal. I Hyllestad stiller i år Ap, Høgre, Sp og KrF. Tidlegare har dei også hatt Samlingslista som har hatt god oppslutning. Ved sist val fekk lista 23,1 prosent, men stiller ikkje på igjen i år.

KrF hadde liste i 2007, men ikkje i 2011. No er dei tilbake med "partiveteranen" Ivar Systad på topp. Senterpartiet og Arbeidarpartiet har vore ordførarpartia i Hyllestad dei siste 25 åra. Ved valet for fire år sidan greidde ikkje Sp å få nokon til å vere ordførarkandidat og laga alfabetisk liste. Men på medlemsmøtet dagen før valet peika dei ut Amund Soltveit som kandidat. I år har dei kandidat heilt frå nominasjonsmøtet, og det er Morten Askvik.

Det mest spesielle ved valet i Hyllestad denne gongen er at Arbeidarpartiet vraka sitjande ordførar Jan Olav Gjerde, og kjem tilbake med veteranen Harry Mowatt. Mowatt var ordførar i Hyllestad frå 1995 til 2007 då han sa nei til attval og trekte seg frå lokalpolitikken. Mowatt har også vore sentral i fylkespolitikken frå 2003 til 2011, og han ønskte attval til fylkestinget i 2011. Men han vart vraka på nominasjonsmøtet som følgje av sjukehusstriden i fylket.

Det mest speielle ved valet i Hyllestad denne gongen er at Arbeidarpartiet vraka sitjande ordførar Jan Olav Gjerde

Eldgrim Fossheim, NRK-kommentator

Mowatt var nemleg medlem i styret for Helse Førde og hadde hissa på seg mange – også Ap-folk – både i Nordfjord og Indre Sogn. Når han no har sagt ja til å kjempe om ordførarvervet igjen i heimkommunen, den sitjande ordføraren er blitt vraka, og det blir det spennande å sjå korleis veljarane reagerer på dette. Høgre i Hyllestad stiller i år med Geir Helge Nordstrand som utfordrar til ordførarjobben.

Hyllestad er ein av mange kommunar som slit med å få dei økonomiske endane til å møtast og få folketalet til å vekse. Men dei jobbar med å lage gode tilbod til innbyggjarane med dei ressursar dei har. No ønskjer dei ein fleirbrukshall. Planane er komne langt, men hallen treng pengar både til bygging og drift, og startskotet for realisering må politikarane gje.

Hyllestad har tidlegare diskutert kommunesamanslåing med Fjaler, Askvoll og Solund, men dei planane stranda. No er dei i gang igjen etter marsjordre frå kommunalministeren. Den gamle tanken om HAFS som ein kommune er igjen aktuell. Samstundes er Hyllestad med i gjengen som ser på ein storkommune med om lag alle kommunane i ytre Sogn og Sunnfjord. Og ikkje nok med det. Nabokommunen i aust, Høyanger, er utan mange beilarar i kommunediskusjonen. Så enkelte ser for seg ein stor kommune langs Sognefjorden heilt frå Balestrand til og med Hyllestad. Det ligg mange utfordringar i løypa for dei som inntek kommunestyresalen i Hyllestad etter valet.