NRK Meny
Normal

KOMMENTAR: Klar for fire nye år med Helle?

Han har vore ordførar sidan 2003, og det skal godt gjerast å vippe Arve Helle (Ap) ned frå ordførarstolen i Fjaler.

Arve Helle

ORDFØRAR: Arve Helle (Ap)

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Vallogo

Det er vanskeleg å sjå at nokon kan hindre at Arve Helle (Ap) held fram i fire nye år som ordførar i Fjaler. Helle har vore ordførar sidan 2003 og gjorde sist eit brakval med heile 45,9 prosent av stemmene. Utfordrarane er i første rekke Sp med Kjetil Felde, Høgre med Odd Helge Aase og Venstre med Hogne Kvangarsnes.

Men det er vanskeleg å få auge på dei sakene som skal endre styrkeforholda mellom partida dramatisk. KrF stiller igjen med den politiske "veteranen" Hans Stav på topp, SV med Carl Joakim Janninge og så ha Fjaler to nye lister i år: Miljøpartiet Dei Grøne stiller med Hilde Genberg og Partiet Dei Kristne med Magnar Hellesøy på topp.

Heitaste debatten i Fjaler om dagen gjeld grendeskulane. Elevtalet går ned i enkelte bygder og kommuneøkonomien er stram. Då kjem sentralisering av småskular lett på dagsorden. I Fjaler er 1–7 skulen på Guddal den mest truga. Den har 21 elevar komande skuleår. Eit forslag om nedlegging er ute på høyring, men partia er delte i synet på dette. Sp, KrF og SV var imot å sende eit slikt forslag på høyring. Også Flekke skule er under debatt, og enkelte vil også vurdere ungdomssteget ved Våge skule.

Ei anna sak med sterke kjensler er lokalisering av ny gravplass i Dale

Eldgrim Fossheim, NRK-kommentator

Ei anna sak med sterke kjensler er lokalisering av ny gravplass i Dale. Fleire alternativ har vore vurderte: Øyra, Dingemoen og Vollamyra. Dingemoen vart etter kvart forkasta, og fleirtalet i kommunestyret med Ap i spissen støtta Vollmyra, medan mindretalet med Sp i spissen ville ha Øyra. Det var "utbrytarar" frå både Ap, H og Sp ved avrøystinga.

Hafs-kommunane (Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund) har diskutert kommunesamanslåing tidlegare i håp om at vilje til samanslåing skulle gje fortgang i realiseringa av Dalsfjordbrua. Den tanken sa dåverande regjering med venstre-statsråd Torild Skogsholm i spissen, nei til. No er Dalsfjordbrua på plass og dagens regjering vil ha langt større kommunar. Fjaler har teke opp att diskusjonen med naboane i HAFS, men er også med på utgreiing av ein storkommune av dei fleste kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Dette alternativet har ein viss vind i segla. Men klåre standpunkt til kommunesamanslåing vil neppe mange ta før dei ser kva konkret som avteiknar seg.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå