Hopp til innhold

KOMMENTAR: Kan Frida juble igjen?

Frida Melvær (H) har ingen planar om å gje seg som ordførar i Askvoll.

Frida Melvær med champagne

NY FEIRING? Frida Melvær (H) går for fire nye år som ordførar.

Foto: NRK

Vallogo

For fire år sidan bles ein kraftig Høgre-vind over Askvoll. Partiet auka frå 11 til nesten 30 prosent oppslutning, og Frida Melvær tok over ordførarstolen etter Aud Kari Steinsland (Ap) som ikkje stilte til attval. Både Ap og Sp gjekk markant tilbake, og Frp som hadde fått over 5 prosent oppslutning i 2007, stilte ikkje liste i 2011. Venstre står sterkt i Askvoll, og vart vinnaren saman med Høgre for fire år sidan.

Frida Melvær stiller igjen som ordførarkandidat for Høgre. Ho har sagt frå seg plass på fylkestingslista for å kunne konsentrere seg heilt og fullt om politikken i heimkommunen. Spenninga er i første rekke om partiet greier å halde posisjonen etter kjempevalet sist. Melvær og Høgre blir denne gongen utfordra av Terje Bjaanes som er ny toppkandidat for Ap. Senterpartiet har Kjell Kristian Carlsen på topp som sist, Gaute Losnegård stiller også på igjen for SV, medan Venstre stiller med veteranen Gunnar Osland på topp. Det er også verdt å merke seg at KrF ikkje greidde å stille liste i Askvoll denne gongen – dei fekk 7,5 prosent oppslutning sist og to representantar i kommunestyret. Heller ikkje Frp og Kystpartiet stiller liste i år. Askvoll har ved fleire val vore ein av to kommunar i fylket der Kystpartiet har stilt liste. Ved dette valet stiller dei berre i Høyanger.

Ho har sagt frå seg plass på fylkestingslista for å kunne konsentrere seg heilt og fullt om politikken i heimkommunen

Eldgrim Fossheim, NRK-kommentator

Kampen for Dalsfjordbrua har prega mykje av engasjementet i lokalpolitikken i Askvoll. Særleg Venstre, men også enkelte i andre parti ville heller ruste opp fv. 609 til Førde. No er brua på plass, men Askvoll treng fleire bruer. Bru til Atløy er også ei gamal kampsak. Den kan ha rykka eit steg nærare. Trass svært få fylkeskommunale kroner til fylkesvegar, har regjeringa kome med løysinga som mange på Atløy hadde håpa på: Fylka kunne også få bruke pengane dei sparer på ferjedrift til å bygge bru for. Denne ordninga med såkalla ferjeavløysingsmidlar har lenge vore i bruk for riksvegar, men når den no også skal gjelde fylkesvegar, gjev det styrka tru på bru til Atløy. Det er neppe stor politisk usemje om dette i kommunen, men uansett ei kampsak.


Større politisk skilnad er det truleg i vilje til å kjempe for rassikring av 609 ved Heilevangfjellet. Her rasar det tidt og ofte, og vegen har vore stengd i lange periodar. Etter at Dalsfjordbrua kom har folk på begge sider av rasstaden høve til omkøyring via Dalsfjordbrua. For mange også i Askvoll blir det difor viktig å få utbetra det som står att av opprusting mellom Dale og Førde – inklusiv bru over Sve-sundet. Rassikring i Heilevangsfjellet er likevel den viktige vegsaka for Venstre i Askvoll.

Askvoll har som del av kommunesamarbeidet i HAFS (Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund) jobba med kommunesamanslåing tidlegare. Den gongen var kampen for Dalsfjordbrua ein viktig motivator. Brua var nemleg ein føresetnad for at kommunane ville tenke fusjonstanken. Dåverande samferdsleminister Torild Skogsholm frå Venstre sa kontant nei til ideen, og dermed vart tema lagt bort.
Etter at regjeringa har sett i gang arbeidet med ny kommunestruktur, har HAFS-kommunane igjen tatt fram sine gamle planer. Samstundes er dei med i utgreiinga av ein stor kommune av både HAFS og resten av Sunnfjord + Gloppen. Ulike utgreiingar er i gang, og konklusjonen blir nok den viktigaste saka for det nye kommunestyret både i Askvoll og dei andre kommunane.

Regjeringa har avgjort at Nordic Mining får dumpe gruveavfall i Førdefjorden, og har fått full støtte frå Høgre, Ap og delvis Senterpartiet i Askvoll. Venstre og SV er kraftig imot. Sjølv om saka er formelt avgjort, held kampen fram og kan vere med på å påverke valresultatet også i Askvoll.