Hopp til innhold

KOMMENTAR: Gründer vil gjerne bli ny ordførar

Marius Strømmen er til vanleg gründer innan havbruk. No stiller han på som ny toppkandidat for Senterpartiet.

Marius Strømmen, Havfront

TOPPKANDIDAT: Marius Strømmen er den nye Sp-toppen i Bremanger.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Vallogo

Bremanger er ein av kommunane som får ny ordførar etter valet, uavhengig av valresultat. Dagens ordførar Karl Vidar Førde (Sp) tar ikkje attval, og Senterpartiet har nominert Marius Strømmen som ny listetopp. Arbeidarpartiet stiller med nytt lag på topp. Espen Sortevik er ny i politikken men har lang fartstid som leiar i Elkem. Andreplassen på Ap-lista har Åse Leirgulen fått. Ho sit i dag i kommunestyret for SV. SV stiller denne gongen med Charlotte Melvær Skjølberg på topp.

Det tredje partiet med ordførarrøynsle i Bremanger er Høgre. Dei stiller som sist med Audun Åge Røys. Rune Nordbotten stiller igjen for KrF, og Kåre Jarl Langeland gjer det same for Venstre. Frp som fekk to i kommunestyret sist, stiller ikkje liste denne gongen.
Sp, Ap og Høgre vart nesten jamstore ved sist val. Valet hadde Terra-skandalen som bakteppe, og Ap som hadde gjort svært gode val både i 2003 og 2007, vart neste halvert i 2011. Eitt av spenningsmomenta er difor om Ap greier å komme tilbake i nærleiken av den styrken dei hadde i 2003 og 2007, og kven dei eventuelt tek stemmer frå. Terra-skandalen er truleg historie i Bremanger.

I den pågåande diskusjonen om større kommunar, har Bremanger har vore lunkne til alle nye alternativ

Eldgrim Fossheim, NRK-kommentator

I den pågåande diskusjonen om større kommunar, har Bremanger har vore lunkne til alle nye alternativ, slik dei fleste kommunar med gode inntekter frå kraftproduksjon er. Dei er ikkje med på utgreiinga av det store alternativet av kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn, men kan vere med på utgreiing av eit kystalternativ. Kor omfattande det bør vere, er førebels uklårt. Men for mange er kystvegen med bru over ytre Nordfjorden nærast ein føresetnad for å tenke ein kommune t.d. frå Florø til og med Selje. Men alle partia i Bremanger – med ulik styrke – syns sjølvstendelina er den beste.

Bygginga av den store kraftlina frå Fardal i Sogn til Ørskog i nabofylket i nord, har skapt mykje turbulens i Bremanger. Då regjeringa med senterparti-statsråd Ola Borten Moe i spissen sa at lina skulle gå gjennom Myklebustdalen i Ålfoten, og dermed inn i Sørdalen naturreservat, gjekk han imot avgjerda i NVE som sa at lina skulle gå gjennom Førdedalen. Grunneigarane i Myklebustdalen protesterte mot avgjerda i departementet og saka har vore i fleire rettsinstansar.

Men departementet står framleis fast på si avgjerd. Inn i denne striden kom også påstandar og skuldingar om kameraderi frå statsråden si side. Det omstridde linevalet skulle vere gjort for å spare eigedomar til Sp-venner. Det kom også opp i media at ordføraren frå Sp hadde eigarinteresser i Førdedalen. Kraftlinestriden er ikkje over, og det er eit ope spørsmål om saka også kan få innverknad på valet i haust.