KOMMENTAR: Gloppestad klar for å halde tradisjonen oppe

Sidan 1967 har Senterpartiet hatt ordføraren i Gloppen. No står Leidulf Gloppestad klar til å føre arven vidare.

Leidulf Gloppestad

NY SP-TOPP: Leidulf Gloppestad har ambisjonar om å bli Senterpartiet sin nye ordførar i Gloppen.

Foto: Silje Guddal / NRK

Senterpartiet har hatt ordføraren i Gloppen heilt sidan prost og venstremann Johnny Bakke gav seg i 1967. Først Ola M. Hestenes som sidan var fylkesordførar, så Olav Moritsgård før Nils R. Sandal som også vart fylkesordførar.

Siste 16 åra har Anders Ryssdal svinga ordførarklubba i det som har vore ein Sp-bastion også målt i landssamanheng. Valresultata i 2003 og 2007 var nær opp mot 50 prosent. Slik sett var resultatet i 2011 på "berre" 34,2 prosent ein nedtur. Men partiet var oppe igjen på 44 prosent ved stortingsvalet i 2013. No er stortingsval og kommuneval to val som ikkje kan samanliknast, så Senterpartiet sin posisjon no er eitt av spenningsmomenta ved årets val. Anders Ryssdal har takka nei til attval, og 39 år gamle Leidulf Gloppestad med lang politisk erfaring heilt frå Senterungdommen, skal prøve å føre Sp sin ordførartradisjonen i Gloppen vidare.

Men han blir utfordra frå fleire hald. Høgre var nest største parti sist med 19,1 prosent, og dagens gruppeleiar for partiet, Anniken Rygg er meir enn klar til å ta over om valet skulle tilseie det. KrF. stiller med Svein Ottar Sandal, mangeårig fylkestingspolitikar for partiet, fortid som statssekretær og har vore ordførar i Haram på Sunnmøre. Venstre stille med sin politiske veteran Ragnar Eimhjellen, SV med tidlegare fylkesleiar Hege Lote, og Gunnvor Sunde stiller igjen for Samfunnsdemokratane – partiet to stifta etter at ho braut med Ap. Lista hennar var ny ved sist val, og den fekk 13,3 prosent oppslutning og 4 representantar i kommunestyret. No ventar den vanskeleg oppfølgjaren. Ap har ny listetopp i år: Arnar Hans Kvernevik. Og så stiller Miljøpartiet Dei Grøne liste i Gloppen med Mariel Eikeset Koren på topp. Det kan bli spennande "hestehandel" om ordførarklubba i Gloppen etter valet.

No er der ein viss spenning i om veljarane "straffar" Høgre ved valet på grunn av brua

Eldgrim Fossheim, NRK-kommentator

Bru mellom Anda og Lote har vore ei av dei store kampsakene for Gloppen i tiår. No bestemte Høgre/Frp-regjeringa at brua skal gå lenger inne i fjorden, mellom Svarstad og Frøholm. Tidlegare har fylkes-Høgre sitt bru-standpunkt og Bjørn Lødemel sin snuoperasjon i den saka falle Gloppe Høgre tungt for brystet. No er der ein viss spenning i om veljarane "straffar" Høgre ved valet på grunn av brua. Kampen for å behalde flyplassen på Anda er også ei viktig kampsak for alle parti i Gloppen. Men nervane hos politikarane var nok litt i ulage då Avinor med god støtte frå Frp skapte uvisse om framtida til flyplassen. No bestemte regjeringa å lyse ut nye flyanbod også for Anda, men berre for to år, og så kjem ny vurdering. Ei viktig sak for Gloppen og regionen, og kan påverke valet lokalt.

I diskusjonen om større kommunar er Gloppen komen i ein litt vanskeleg situasjon. Kommune er Nordfjord-kommune, og samanslåing med kommunar på nordsida av fjorden var naturleg dersom brua Anda-Lote kom. Når E39 vart lagt lenger inne i fjorden, er brua i beste fall skubba langt ut i tid, og fusjon med t.d. Eid er vanskelegare. Men når E39 no kjem under Utvikfjellet med bru mellom Svarstad og Frøholm, kunne Stryn bli ein meir naturleg partnar, men der er førebels Stryn ganske lunkne. Difor orienterer Gloppen seg no mot Sunnfjord der dei diskuterer ein storkommune av kanskje så mykje som 10 kommunar. Skulle det bli realitet får vi ein kommune som strekker seg frå Solund og Flora til og med Gloppen. Ikkje alle trur det er ei realistisk løysing.

Gloppen er ein kommune der jordbruksnæringa står sterkt. Det er også ein skulestad med lang historie. Men som så mange kommunar er politikarane på leit etter nye næringar som kan skape meir vekst og auke folketalet. Gloppen er ein av kommunane som har kast augo på turistnæringa. Ei cruisekai på Sandane vil vere eit viktig pluss, meiner enkelte. Håpet er at Gloppen kan få turistar på besøk slik t.d. Olden, Flåm og Skjolden har i dag. I ein kommune der politikarane er samde om det meste, er dette ei sak der meiningane er delte.