Hopp til innhold

KOMMENTAR: Fylkets yngste gjev seg etter fire år

Ole Gunnar Krakhellen var berre 25 år då han blei vald som ordførar i 2011. No prioriterer han familieliv framfor politikk.

Ole Gunnar Krakhellen

TAKKAR AV: Ole Gunnar Krakhellen prioriterer familieliv framfor politikken framover.

Foto: NRK

Vallogo

Etter valet i 2011 vart Ole Gunnar Krakhellen (H) den yngste ordføraren i Sogn og Fjordane nokon sinne. Han var 25 år, hadde alt sete fire år i Fylkestinget, og tok over ordførarvervet i heimkommunen etter Gunn Mongstad (Sp) som hadde hatt vervet i to periodar. Krakhellen fekk tredjeparten av alle stemmene i Solund og slo konkurrenten Sp med kring fem prosentpoeng.

Og den unge ordføraren har markert seg og vore ein svært populær ordførar. Det var difor noko overraskande for mange at han takka nei til attval etter berre fire år. Sjølv grunngav han avgjerda med at han no gifter seg og vi etablere familie. Eit travelt ordførarliv fann han vanskeleg å kombinere med dette.

Svein Jardar Utvær er Høgre sin listetopp ved dette valet. Ved valet i 2011 stod Utvær som andrekandidat på den nye lista PULS (politisk uavhengig liste for Solund). PULS stiller ikkje liste i år. Men sjølv om Utvær stiller på topp for Høgre, ser han ikkje på seg sjølv som ordførarkandidat.

Det seier seg også sjølv at ein liten kommune med berre 800 innbyggjarar ikkje har all verdas økonomi til store investeringar

Eldgrim Fossheim, NRK-kommentator

Ap i Solund stiller som sist med Tom Færøy på topp, men heller ikkje han vil vere ordførarkandiast. SV stiller med med Anne Grete Furrevik, også som sist.

Duka for ordførar-comeback for Gunn Mongstad (Sp)? Ho var ordførar frå 2003-2001, men hadde sagt nei til renominasjon i år. Senterpartiet nominerte Bjarte Engevik på topp, men han trekte seg av private årsaker og dermed let Mongstad seg overtale til nok ein nominasjon og kan fort komme tilbake til ordførarstolen.

Mest overraskande er det at Frp ikkje stiller liste i Solund denne gongen. Partiet var nest størst ved valet i 2007 med heile 27,6% oppslutning. Sist hadde dei 13,2 og fekk to i kommunestyret. John Kåre Larsen var varaordførar frå 2003–2007 og har hatt dette vervet også siste periode.

Kravet om endra kommunekart her i landet gjeld også Solund. Men kva gjer ein øykommune med 800 innbyggjarar utan fastlandssamband til nokon av naboane? Ti ulike men små øykommunar her i landet har om lag same utfordringar når diskusjonen no går heftig om storkommunar på 15–20000 innbyggjarar. Solund er med på utgreiingar både av samanslåing av HAFS, dei ser over fjorden til Gulen og kanskje vidare sørover, og dei er attpåtil med på utgreiing av storkommune av alle kommunane i ytre Sogn og Sunnfjord.

Men aller helst meiner dei at Solund og andre øykommunar bør få særordningar som gjer at dei kan halde fram som sjølvstendige kommunar – eller så må dei få fastlandssamband og det synest å ligge noko fram i tid. Det seier seg også sjølv at ein liten kommune med berre 800 innbyggjarar ikkje har all verdas økonomi til store investeringar. Men skulen på Hardbakke treng renovering, og ei aktuell lokalpolitisk sak er om det beste er å renovere eller rive og bygge nytt.

Det har vore planer om å setje opp vindmøller i Solund. Deretter kunne kommunen innføre eigedomsskatt på næring, og dermed skaffe seg inntekter frå desse. Men dei førre planane vart stogga av di folkerøysting i kommunen sa nei. Tilhengarane av vindmøller har nok ikkje tolka dette som eit nei til alle mølle for all framtid, så tema kan fort komme opp att.

Solund har venta lenge på bru over Ytre Steinsund. Den har lagt eit stykke ned på fylket sine prioriteringar over fylkesvegar, og pengesekken til slike vegar har vore liten og er blitt mindre. No er der ein viss optimisme etter at regjeringa sa ja til at fylka kan ta pengane dei i dag brukar på ferjedrift i område og bygge bru for desse. Såkalla ferjeavløysingsmidlar. Kampen for å få realisert brua har dermed fått ein vitamininnsprøyting.