NRK Meny
Normal

KOMMENTAR: Framleis favoritt til den kommunale topplasseringa

Blir det ny siger til Aarvoll, eller klarer andre listetoppar opprykk i Sogndal?

Ordførar i Sogndal Jarle Aarvoll
Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Vallogo

Sjølv i valår er ofte spenninga kring opprykk/nedrykk for fotballaget større enn spenninga kring valresultatet i Sogndal. Slike er det nok også i år. Blir det eliteseriefotball på Fosshaugane frå neste år? Tabellplasseringa midtvegs gjev grunn til tru. Laget er "langt" føre konkurrentane. Men den sitjande ap-ordførar Jarle Årvoll var langt meir suveren i 2011. Han hadde meir enn dobbelt så mange "poeng" som næraste utfordrar, Sp. Aarvoll er nok opplagt favoritt til ordførarvervet også dei komande fire åra.

Sterkaste utfordrar er truleg det gamle ordførarpartiet Senterpartiet, som no sit med varaordføraren. Laura Kvamme har det vervet, og stiller på igjen. Dei andre ordførarkandidatane er Karin Vikane for Høgre, Gunnar Stundal for KrF. Vibeke Johnsen for SV, Idar Kollsete for Frp og Eva Ramstad for Venstre.

Aarvoll er nok opplagt favoritt til ordførarvervet også dei komande fire åra

Jarle Aarvoll

Sogndal er "regionhovudsstad" for Indre Sogn. Dei er "skulehovudstad" for fylket med tyngda av høgskulen lokalisert til bygda og er på tredjeplass når det gjeld folketal. Berre Førde og Flora er større. Men dei vil, som tettstader flest prøve å skaffe fleire arbeidsplassar, meir folk og betre tilbod. Dette "skremmer" litt naboane både i aust og vest når dei no diskuterer kommunesamanslåing. Korkje Luster eller Leikanger er innstilte på å flytte tilbod frå sine område til Sogndal om dei skulle bli slått saman. Når ein snakkar med politikarar i dei to kommunane får ein inntrykk av at det er ein av grunnane til at fusjonssamtalane mellom dei tre kommunane går noko trått.

Denne problemstillinga såg vi også i diskusjonen om oppgåver Sogndal vil legge til den nye Helse- og omsorgssenteret som skal stå ferdig neste år, og kostar 300 millionar kroner. Høgre-veteranen Kåre Lerum engasjerte seg sterkt i denne saka, og meinte Sogndal burde samarbeide nærare med Lærdal sjukehus om oppgåver lagt til eit lokalmedisinsk senter. Saka fekk attpåtil eigen parole i 1. mai-toget i Sogndal i fjor. Høgre er framleis lysten på omkamp i Sogndal om denne saka.

Då Sogndal sist desember vedtok investeringar både i nytt helse- og omsorgssenter og ny barnehage, måtte dei også sjå seg om etter større inntekter. Og som vanleg fall augo lett på eigedomsskatten som vart auka. Eigedomsskatt er eit tema som oftast følgjer partiideologi. Høgresida er imot, venstresida er for. Auken i Sogndal provoserer i første rekke Frp. Og i kommunar der Frp er aktive, blir det ofte debatt om å overlate kommunale tenester til private. På den måten meiner dei tenestene blir utført billegare, og kommunen dermed sparar pengar.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.