Hopp til innhold

KOMMENTAR: Eigedomsskatt blir bøygen for dei som vil ha makta

Eigedomsskatt blir ei utfordring for dei som vil ha makta i Hornindal.

Grodås

KVAR GÅR VEGEN VIDARE? Hornindal er i ein utfordrande situasjone på fleire område.

Foto: Trond Vestre / NRK

Vallogo

Hornindal har berre fire lister ved kommunevalet. Ap, H, Sp og Venstre. Høgre og Sp har tradisjonelt vore dei to største og har skifta på å ha ordføraren sidan tidleg på 90-talet. Siste fire åra har Anne-Britt Øen Nygård, Sp vore ordførar, men ho har takka nei til attval, og det same har alle dei andre som var listetoppar ved sist val, gjort. Det er elles ikkje noko spesielt i Hornindal. Også ved valet for fire år sidan var alle listetoppane nye, samanlikna med valet fire år tidlegare.

Senterpartiet stiller no med Eldar Englund på topp, han hadde 2.-plassen sist. Høgre har Stig Olav Lødemel, også han har rykt opp til topp-plass og det same har Brynhild Lund Notøy frå Venstre. Ap stiller denne gongen med Randi Langlo som ikkje sit i kommunestyret i dag. Kven som til sist vil få overlevert ordførarklubba, er noko som valresultatet og tingingane etterpå vil avgjere.

No er samanslåing med Stryn igjen ei av dei mest aktuelle løysingane

Eldgrim Fossheim, NRK-kommentator

I den pågåande debatten om ny kommunestruktur her i landet, kan Hornindal vise til ei historie som kan karakteriserast som "fram og tilbake er like langt". På 1960-talet vart storparten av Hornindal innlemma i Stryn. Dette var dei misnøgde med, og 1977 vart Hornindal igjen eigen kommune. No er samanslåing med Stryn igjen ei av dei mest aktuelle løysingane, men Honndølene ser også på friarar som Volda og Stranda på Sunnmøre

Hornindal er ein av få kommunar her i fylket som ikkje har innført eigedomsskatt. Saka var oppe i budsjettmøtet i desember i fjor, og fekk berre støtte frå fire representantar. Samstundes er det klart at Hornindal treng pengar til sine tilbod til innbyggarane, og dei skaffar dei mellom anna gjennom fylkets høgste satsar på kommunale avgifter. Ja avgiftene er så høge at innbyggjarar i kommunar med eigedomsskatt i tillegg til kommunale avgifter her i fylket, kjem billegare frå det enn innbyggarane i Hornindal gjer, ifølge såkalla KOSTRA-tal for 2014 som nettstaden Smarte pengar presenterte i april i år.

Hornindal har venta lenge på opprusting av fv. 60 gjennom kommunen, men opplevde i fjor haust at fylkespolitikarane skubba vegen nedover på prioriteringslista. Frustrasjonen i Hornindal og på deler av Sunnmøre var stor, og kravet kom frå fleire hald om at vegen må omklassifiserast til riksveg og dermed bli regjeringa og Stortinget sitt ansvar.

Samstundes bestemte regjeringa at E39 skal krysse Nordfjorden mellom Svarstad og Frøholm og gå vidare inn på Kvivsvegen. Traseen for denne vegen er det også sentrale vegstyresmakter som avgjer, men lokalpolitikarane vil nok ha eit ord med i laget. Eit hovudspørsmål blir om vegen bør gå via kommunesenteret Grodås eller gå utanom.