Er det for mykje å be om litt slakting?

I ein klubb der mindreverdkomplekset er sjølve drivstoffet blir skryt og anerkjenning frå hovudstaden gift. No er eg redd Sogndal har fått ein livskritisk dose.

Sogndal - Brann

RO DYKK NED KARAR: Det kan tenkast at Azar Karadas har lese sin Olav H. Hauge. Målet er skåra, men kampen er ikkje over.

Foto: Christian Blom
Arve Uglum
Kommentator

Du skal ikkje tru at du er nokon kar for det um dei skryter av deg inni Oslo

Olav H. Hauge

Orda til diktaren og bygdeguten Olav H. Hauge bør alltid ligge i bakhovdet til dei ute på bygdene som hevdar seg såpass at dei blir lagt merke til «inni Oslo». Oslo elska Hauge. Hauge tykte det var stas, men det var ikkje difor han skreiv. Han hadde frukttre og natur heime i Ulvik som var langt viktigare.

For det er ingen der inne som følgjer oss med argusauge, må me hugsa. I det store biletet skjer det jo så mykje anna.

Er me flinke må me vera det lenge før me blir lagde merke til, og har me først vorte stempla som flinke er me det lenge. Uavhengig av prestasjon.

Dei siste vekene har eg lese aviser og sosiale medier med eit svinnande håp om at nokon, ein eller annan, skal stempla Sogndal som dei enkle fotballbarbarane og slaktoffera dei som regel har vorte stempla som. At nokon skal tippa dei på ein klar sisteplass og ynskja dei til helsike ned att i 1. divisjon der dei høyrer heime. Men dei vil visst ikkje gjera Sogndal den tenesta i år.

Det har breidd seg ein aksept og ein respekt for at Sogndal er den klubben den er. Og eg likar det ikkje.

Akkurat no er Sogndal Fotball flinke «inni Oslo», og dei synlege bevisa på det får me nærmast kvar dag i form av ymse fotballvitarar som leverer sine tips for Eliteserien 2014. Den flinkaste og grundigaste av dei, Knut Espen Svegaarden i VG, venta heilt til i dag med å gå inn på Sogndal.

Det betyr at VG-lupa har tippa dei på «heilt oppe» 11. plass, noko som gjer meg grunnleggjande skeptisk til sesongen som skal koma.

For å forstå skepsisen må du forstå dynamikken i ein liten utkantklubb som Sogndal. Den beste sitatmakaren på desse kantar, Rolf Navarsete, sa ein gong følgjande:

Kvar gong eg tok på meg den svarte og kvite drakta kjempa eg mot dei store byane

Rolf Navarsete

I det kamplystne sitatet ligg eit mindreverdkompleks av edlaste sort. Eit kompleks Navarsete og andre Sogndal-kjemper har vidareforedla til drivstoff.

For i Sogndal har det alltid handla om å «visa dei». Om å retta seg i ryggen, skyta fram brystkassa og visa oslofolk og bergensarar at dei tok feil.

Om å gni det i ansiktet på dei at lite budsjett, få tilskodarar og usentral plassering ikkje betyr noko som helst når kampen er i gang, og det er elleve mot elleve på ei fotballbane. Undervurdering og trong etter anerkjenning «inni Oslo» har alltid vore drivstoffet i Sogndal-motoren.

Og det har til tider vore reine flybensinen. Gong på gong har Sogndal tøygd ressursane til det ytste, gjort ting på sin eigen måte og fått fram gylne årgangar som har fått både oslofolk, bergensarar, trøndarar og siddisar i kne. Det skjedde i 1988, det skjedde i 2003 og det skjedde så seint som i 2012.

Kvar gong har dei teke dei «inni Oslo» på senga, og oslopressa er ikkje verre enn at dei smått om senn tek til å skryta og anerkjenna. Men overgangen frå bygdetullingar via sjarmerande kuriosa til ei kraft som folk reknar med har Sogndal alltid, utan unntak, slete med å få til.

Akkurat i det Sogndal hadde bete godt nok frå seg til at hovudstadspressa la merke til og anerkjende dei, har det gått brått i unnabakke.

  • 1988: Sogndal på 3. plass i august med Vålerenga og Brann bak seg på tabellen. Sterk vår, jubel i Akersgata, svak haust, direkte nedrykk med klar margin året etter.
  • 2003: Oppe på 2. plass før sommarferien. Sterk vår, jubel i Akersgata, svak haust, direkte nedrykk med klar margin året etter. Brukte seks år på å reisa seg att.
  • 2012: 2. plass på våren. Sterk vår, jubel i Akersgata, svak haust, berga til slutt kontrakten med eit naudskrik.

Eg kan godt ta med fjoråret også. "Alle visste" at Sogndal kom til å berga kontrakten midt i august. Det var eit anerkjent fakta om ein nyleg anerkjend klubb. Då kontrakten til slutt vart berga i november var det med det sedvanlege naudskriket. Etter fire fattige poeng på dei åtte kampane etter at anerkjenninga kom med bortesigeren mot Sarpsborg 18. august.

Utan kniven på strupen var Sogndal veike. Med eit favorittstempel i tillegg er dei ofte berre 11 drakter i formasjon.

For det er ikkje poeng og tabellplasseringar som er det eigentlege målet i Sogndal. Dei vil eigentleg berre bli sett og anerkjent «inni Oslo».

Når anerkjenninga frå Akersgata kjem er klubben i mål, og motoren sloknar. I år kom anerkjenninga den 19. mars, fleire veker før eit einaste poeng er delt ut.

For sjølvsagt har Svegaarden, Tjærnås og resten av ekspertane rett. Sogndal våren 2014 er bra. Med imponerande resultat i treningskampane, den beste stallen nokon sinne, ein spennande og meir positiv formasjon i tillegg til den vanlege arbeidsmoralen. Men fotball handlar om millimeter.

Er du ein millimeter for seint ute ein gong så taper du ballen. Er du ein millimeter for seint ute tre gonger på rad så skårar motstandaren. I augneblinken kampen om millimetrar blir avgjort betyr status og løn lite. Den som vil mest vinn den avgjerande millimeteren, og det har alltid vore Sogndal si suksessoppskrift.

Så sjølv om spelarstall, apparatet rundt og alt det andre er bra, så er det ikkje betre enn at Sogndal må jobba hardare, springa meir og ville meir enn nokon andre for å koma nokon veg. Spørsmålet er om dei gjer det, no som skrytet frå "inni Oslo" alt har kome.

Dei første poenga blir delte ut først 30. mars, og dersom Sogndal stiller på startstreken utan drivstoff heng dei ikkje med i kampen om millimetrane. Ikkje første gongen, ikkje andre gongen, ikkje tredje gongen. Og vips så står det 0-1 på Fosshaugane.

For meg må dei gjerne henga eit banner inne i Sogndal-garderoba med Olav H. Hauge sitt sitat. For du er ikkje nødvendigvis noko til kar sjølv om dei skryt av deg «inni Oslo». I alle fall ikkje den 19. mars.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.