NRK Meny
Normal

KOMMENTAR: Blir grunnvollane rysta i Årdal?

Kan Ap-bastionen Årdal bli rysta i grunnvollane av ein ung mann med store ambisjonar?

Alexander Øren Heen (Sp)

VIL OPP OG FRAM: Alexander Øren Heen (Sp) kan gjere livet surt for Arbeidarpartiet i Årdal.

Foto: Oddvin Aune

Vallogo

Ved alle dei siste kommunevala har spenningsmomentet i Årdal vore kor stor soppslutning frå Arbeidarpartiet denne gongen. Årdal er Ap-bastionen i landssamanheng og partiet har hatt over 70 prosent av stemmene ved dei siste vala. Arild Ingar Lægreid har svinga ordførarklubba i Årdal i 13 år og kan truleg førebu seg på fire nye år, sjølv om enkelte politiske motstandarar meiner dei har sjansen til å ta over denne gongen. Den som i første rekke håpar å greie det er Alexander Øen Heen frå Senterpartiet.

Unge Øen Heen gjorde eit godt val for fire år sidan for å vere i Årdal. Partiet fekk over 14%. Fleire saker i Årdal siste tida gjer at enkelte trur Ap vil gjere eit dårleg val denne gongen. Høgre har t.d. fått Knut Arne Klingenberg som ordførarkandidat. I 20 år har han vore lokalpolitikar for Ap. Frp stiller igjen med Geir Sandvik, og så er der to nye lister i Årdal i år. Venstre stille med Kurt Jevnaker, og Miljøpartiet Dei Grøne med Tommy Hauge.

Spørsmålet om å samlokalisere legekontora på Tangen og i Øvre til helsehuset i Øvre har vore eit brennheitt tema i lang tid i Årdal. Vedtak vart fatta i fjord med Ap i førarsete, og var nok medverkande til at t.d. Knut Arne Klingenberg melde seg ut og no stiller som ordførarkandidat for Høgre. Også Senterpartiet var sterkt imot dette, så spørsmålet er om folk i deler av Årdal framleis er så opprørte over det som skjedde at dei sviktar Ap og stemmer på andre parti.

Kanskje meiner framleis det store fleirtal av årdøler at det er Ap som er største garantisten for at moderniseringa i Årdal kjem

Eldgrim Fossheim, NRK-kommentator

Årdal er komen i ein vanskeleg økonomisk situasjon og er inne på den mykje omtala Robek-lista. Dvs at fylkesmannen kontrollerer budsjett og låneopptak. Difor kan det komme fleire forslag til innsparingar. Eitt kan vere å samle ungdomsskuleelevane på Tangen og Øvre i Øvre.

Årdal har eigedomsskatt, men trass i økonomisk tronge tider er det enkelte som meiner dei bør redusere denne – i det minste på fritidseigedomar. Dette fordi det er satsa mykje på fritidsbustader og hytter på Tyin, men eigedomsskatt i Årdal slår uheldig ut i konkurransen om etableringar i t.d. nabokommunen Vang som ikkje har eigedomsskatt.

I den pågåande kommunedebatten er nok også Årdal inne på at det er best å halde fram aleine. Luster vil vere aleine, Aurland vil det same, Sogndal tenker ikkje Årdal, og då står dei igjen med seg sjølve eller med eit "ekteskap" med Lærdal.


Aluminiumverket er hjørnesteinsverksemda i Årdal og har alltid vore det. Modernisering har lenge stått på bestillingslista for årdølane, men no fekk Karmøy modernisering først. Trua på framtida for kraftkrevjande industri som den i Årdal er likevel meir optimistisk enn på lenge grunna kraftoverskot og kraftprisar. Kanskje meiner framleis det store fleirtal av årdøler at det er Ap som er største garantisten for at moderniseringa i Årdal kjem. I så fall blir det ikkje maktskifte i Årdal denne gongen heller.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser