NRK Meny
Normal

KOMMENTAR: «Skal ein ha truverd som SFj-representant må ein ta klare standpunkt»

Det bles friskt rundt stortingsrepresentant Bjørn Lødemel frå Høgre om dagen. Opposisjonspolitikarar har meint lenge at han ikkje kjempar hardt nok for fylket, men i dag tidleg høyrde vi at også enkelte høgre-tillitsvalde lokalt i fylket er begynt å bli kritiske til sin eigen representant. Utydeleg, usynleg og vag er ord som blir brukte.

Eldgrim Fossheim

ELDGRIM FOSSHEIM: Har vore fast tilsett i NRK Sogn og Fjordane sidan 1984 og har mellom anna hatt politikk som sitt spesialfelt.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Bjørn Lødemel er høgre sin rovdyrpolitiske talsmann på Stortinget. Det kan kanskje komme vel med no når dei politiske "rovdyra" i heimfylket går til angrep og meiner "Bjørnen søv".

Politiske motstandarar har lenge meint at Lødemel er ein udugeleg kjempar for Sogn og Fjordane sine interesser innanfor maktkorridorane i Oslo, men no er også artsfrendar i Høgre begynt å murre.

Så kva er gale med denne blide og joviale bokhandlaren frå Hornindal?

Kritikken går i hovudsak på at han er utydeleg i viktige saker for Sogn og Fjordane, han tar ikkje standpunkt før partiet sentralt har bestemt seg, og så forsvarar han standpunktet, også der mange meiner det ikkje er til fordel for heimfylket.

Dette blir svært så synleg når den blåblå regjeringa no står bak ei rekke forslag som så å seie heile fylket protesterer mot.

Eg nemner stikkord i fleng: fylkesøkonomien, politireform, Alarmsentral, AMK-sentral, Skattekontor, Fiskeridirektoratet, forsvarsanlegg, flyplassar, Høgskule, jordskifterett, lensmannskontor.

Mykje av dette har starta med utgreiingar sett i gang av førre regjering, men det er denne regjeringa som gjer dei politiske vurderingane av alle utgreiingar og set dei ut i livet. Det er då mange av oss ventar at representantar frå vårt fylke er tydelege på at dei kjempar for Sogn og Fjordane sine interesser – underforstått – kjempar for å behalde tenester og arbeidsplassar i fylket. Det er her Bjørnen frå Hornindal snakkar på ein måte som skapar tvil hos mange. Han blir rund og uklår – ventar på avgjerd i regjeringa og forsvarar så den.

Eg, og truleg fleire med meg, sit att med eit inntrykk av Lødemel som kort fortalt er at alt som kjem frå denne regjeringa blir til det beste for vårt fylke – berre vent og sjå. Det skapar då det inntrykket at han i liten grad går på barrikadane og kjempar SFj-standpunkt på kammerset i Oslo der saker ofte blir avgjort.

Sant eller ikkje – det er uansett ille for Lødemel at han blir oppfatta slik.

Er han verre enn dei andre på Sogn og Fjordane-benken? No er det forskjell på å representere eit regjeringsparti og eit opposisjonsparti. Opposisjonspolitikarar har lettare for å vere klåre i sine standpunkt. Og regjeringsrepresentantar sin jobb er å forsvare regjeringa si. Slik er det i alle politiske parti. Men skal ein ha truverd som SFj-representant må ein ta klåre standpunkt i samsvar med meininga til partiet lokalt og dei som har valt deg. Vidare må ein ha vilje og evne til å seie at ein er usamd med dei i Oslo – og vil kjempe, eller har kjempa og eventuelt tapt i dei interne kampen som alle parti har om vanskelege saker til behandling i sentralmakta.

Oppfatninga av for stor lojalitet til regjeringa og parti sentralt vart t.d. eitt av momenta som i si tid felte Høgre sin førre stortingsrepresentant Sverre Hoddevik. Venstre og Sveinung Rotevatn er også i skvis i forhold til partiet og veljarane heime. Som samarbeidsparti med regjeringa heftar Venstre for mange sakene derifrå. Fylkesleiaren var ute og tok avstand frå hans standpunkt i politireformsaka, og seinast i dag går tre sentrale venstrepolitikarar fylket ut med sterk kritikk av mange saker frå regjeringa, der politireforma er ein av dei.

Spennande blir det også å følgje Arbeidarpartiet no i samband med den saka. Fylkespartiet og Ingrid Heggø er klåre på at fylket framleis skal vere eige politidistrikt, men kva seier dei dersom partiet sentralt i hovudsak kjem til å støttar politireforma?

Det er ein balansegang og vanskeleg å halde tunga rett i munnen i forsvar og kritikk av eiga regjering sin politikk. Her meiner eg dei andre på benken har vore flinkare enn Lødemel – men så hadde nok den raud-grøne regjeringa færre saker av dramatisk karakter for vårt fylke å handtere.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå