Hopp til innhold

Kom uskadde frå bilvelt

Ein bil med to personar hamna natt til laurdag på taket ved Svarstad i Stryn.

Bilen hamna på taket, og to personar kom uskadde frå hendinga.

VRAK: Bilen hamna på taket, og to personar kom uskadde frå hendinga.

Foto: Roger Vik

– Føraren har forklart at han vart blenda av ein møtande bil og ikkje klarte svingen, fortel operasjonsleiar hjå politiet, Inge Værøy.

Dei to som var i bilen kom uskadde frå hendinga, og det er ikkje mistanke om rus.

Mann til sjukehus

Tidlegare på natta måtte politiet rykke ut til Olden, der det vart meldt om branntilløp i ei hytte. Ein ladar skal ha tatt fyr, og ein mann er send til Førde sentralsjukehus med brannskadar. Det er uklart kor omfattande skadar mannen har fått.

– Politiet vil undersøkje saka nærare laurdag, seier Værøy.

Politiet hadde fleire oppdrag i Stryn i løpet av natta, og ein mann i 50 åra er meld for ordensuro etter slåsting i sentrum. også to menn i tenåra vert melde grunna slåsting.