Hopp til innhold

Kom uskadd frå bilbrann

Ingen personar vart skadde då det byrja å brenne i ein personbil ved Reset på E39 like utanfor Førde sentrum onsdag føremiddag.

Bilbrann i Førde.
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det var ein forbipasserande som melde frå om brannen, som starta i motoren. Den kvinnelege sjåføren fekk hjelp av tilsette på Scania-verkstaden til å sløkkje elden.

Politiet fekk melding om brannen klokka halv ti, opplyser operasjonsleiar Olaug Holme.