Hopp til innhold

Kom til ulykkesstaden berre sekund etter - frykta det verste

Firda Billag-sjåfør Terje Mo var på veg med Fjordekspressen frå Bergen til Førde då han hamna midt oppi ulykka på E39 ved Kringla i ettermiddag. Han frykta det verste då han såg den smadra bilen i vegbana.

Created by InfoDispatcher

STYGT SYN: Bussjåfør Terje Mo køyrte forbi ulykkesstaden like etter kollisjonen. Vraket midt i vegbana vart frakta av ein lastebil som fekk sleng på det glatte føret. Dramaet vart fanga av eit kamera festa på dashbordet til bussen.

– Ein støkk jo når ein kjem opp i ei ulykke, og eg trur både eg og passasjerane tenkte det verste. Men vi såg raskt at bilen som låg midt i vegbana, var flatare enn kva som ville vore normalt. Då skjønte vi at denne nok var smadra frå før, seier Mo.

Politiet fekk melding om ulykka, som skjedde på fylkesgrensa mellom Sogn og Fjordane og Hordaland, klokka 16.18.

Har vore heldige

Ein lastebil med hengar fekk sleng, og mista dermed lasta si, eit bilvrak. Ein personbil køyrde rett inn i vraket som vart liggande i vegbana, men den mannlege føraren skal ha komme frå ulykka utan store skadar.

– Føraren har fått lettare kuttskadar. Eg trur vi kan slå fast at dei har vore heldige, seier operatør ved Hordaland politidistrikt, Bjarte Rebnor.

Terje Mo køyrde buss forbi ulykkesstaden

LETTA: - Det var ei lette når vi kunne konstatere at det såg verre ut enn det var, seier bussjåfør Terje Mo.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Klokka 19.00 hadde politiet framleis ikkje full oversikt over korleis ulykka skjedde.

– Vi har ikkje nådd å få snakke med alle dei involverte, men vi meiner å ha brakt på det reine at lastebilen fekk skrens, og at eit bilvrak og ein hengar dermed fall av lasteplanet. Om det er hengaren eller noko anna som har treft den motgåande bilen, torer eg ikkje seie sikkert, seier Rebnor.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ulykke ved Kringla på E39

LETTARE SKADD: Føraren av personbilen slapp frå ulykka med lettare kuttskadar, ifølgje politiet.

Foto: Gøril Sætre / NRK

Var så glatt at han frykta han ikkje klarte å stoppe

Han legg til at det skal vere svært glatt i området, og at det også var glatt då ulykka skjedde. Det kan Mo stadfeste.

– Då eg bremsa då vi kom til ulykkesstaden, merka eg kor glatt det var. Eg var ei stund usikker på om eg ville klare å stoppe for campingvogna framfor meg, så eg la meg ut, for å vere på den sikre sida. Men det var skikkeleg glatt, seier Mo.