Hopp til innhold

Kom til Norge for å stå på ski - fengsla for ein månad gamalt sykkeltjuveri

Litauaren i 40-åra hevda han kom til Norge for å stå på ski for ei veke sidan. No ventar han på dom for fleire tjuveri i Stryn.

Sykkeltjuv i Stryn

STAL: Dette er det siste ein ser av sykkelen som stod parkert utanfor Ytre-Eide Sport i Stryn. I går vart mannen på sykkelen, ein litauar i 40-åra, varetektsfengsla for tjuveriet.

Foto: Overvakingsbilete

Mannen vart måndag varetektsfengsla i fire veker for tjuveri av ein el-sykkel til 30.000 kroner, eitt par tøysko og to handtak til eit sykkelratt.

Mannen erkjende straffskuld og samtykka til varetektsfengsling.

– I same rettsmøtet la vi ned påstand om fengsel i ein månad, så no ventar vi også dom. Det var viktig å få han i varetekt og dømd for forholdet, seier aktor, politiadvokat Erling Melvær ved Vest politidistrikt.

Stal sykkel i april

El-sykkel som vart stolen i Stryn

STOLEN: Det var ein sykkel av denne typen som forsvann frå sportsforretninga i Stryn.

Foto: Politiet

– Mannen er utan fast bustad, jobb og har inga tilknyting til Norge. Vi frykta han kunne reise ut av landet for å unngå å bli straffa for forholdet, legg Melvær til.

Det er berre ei veke sidan at mannen, i ei stasjonsvogn innreia med soveplass, kom til Norge for å stå på ski.

Men då han vitja Sport 1-butikken kjende tilsette han att frå tjuveriet av el-sykkelen i slutten av april, og kontakta politiet.

Sjokk og dårleg hugs

Under pågripinga fann politiet også tøyskoa og handtaka. Mannen erkjende ikkje forholda med det same, men hevda dette var grunna sjokk og problem med hugsen.

Etter kvart erkjende han sykkeltjuveriet skjedde i rusa tilstand. Han hugsa ikkje kvar han sette den ifrå seg. Skoa og handtaket skulle borna i heimlandet få.

– Sykkelen er framleis ikkje komen til rette, seier Melvær.

I retten sa mannen seg villig til å gjere opp tjuveriet av sykkelen, og påtalemakta la ned påstand om 30.000 kroner i erstatning til sportsforretninga.