Hopp til innhold

Kunne ikkje gi rastlause ordførarar svara dei lengtar etter

STRYN (NRK): Statssekretær Jardar Jensen (H) kom til Nordfjord for å roe ned reform-stressa ordførarar. Men han vil framleis ikkje seie kva nye oppgåver storkommunane skal få.

Sven Flo og Jardar Jensen

MØTTE ORDFØRARANE: Statssekretær Jardar Jensen kom til Nordfjordrådet for å svare på spørsmål om Kommunereforma. Her med Stryn-ordførar og partifelle Sven Flo (H).

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

– Det får vi svar på den 20. Då blir Oppgavemeldingen lagt fram.

Det er svaret frå statssekretær Jardar Jensen (H) i Kommunal- og regionaldepartementet når NRK spør om det svært mange lokalpolitikarar spør seg om: Kva nye oppgåver er skal dei nye storkommunane få?

Korte fristar – få svar

Regjeringa har lovar å flytte ansvar frå stat til kommunane, viss kommunane blir større. Lokalpolitikarar over heile landet har fått knappe tidsfristar til å finne ut kven dei vil slå seg saman, men har ikkje fått svar på kva nye oppgåver dei skal få.

– Vi vil legge fram forslag til Stortinget på kva oppgåver vi meiner kommunar, som har god nok kompetanse og kapasitet til å få nye oppgåver, vil få, seier Jensen til NRK.

Måndag møtte han ordførarane i Nordfjordrådet i Stryn. Det var ei langt frå feststemd forsamling.

Misnøgde ordførarar

Jensen fekk høyre sterk misnøye med kommunereforma, politireforma, flytting av fiskeridirektoratet sitt kontor, ønska høgskulesamanslåing, flyplasstruktur og så vidare.

– Sentralisering er noko som har pågått i 40 år. Dette er ikkje noko som starta med den blå regjeringa, sa Jensen til dei frammøtte skeptikarane, og prøvde å pensle møtet over på kommunereforma.

Ordførarane ville vite kva nye oppgåver dei kan vente seg, og om enkelte små kommunar vil måtte sjå langt etter nye oppgåver.

– Det må vi vente på til stortingsmeldinga kjem, seier Jardar Jensen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Møte i Nordfjordrådet 16.03.15

SKEPTISKE: Ordførarane i Nordfjordrådet gav uttrykk for misnøye med dei oppfattar er sentralisering av tilbod i Sogn og Fjordane. F.v.: Ottar Nygård (Samlingsl., Selje), Morten Hagen (H, Vågsøy), Alfred Bjørlo (V, Eid) og Anders Ryssdal (Sp, Gloppen)

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

– Har fått masse nye oppgåver

– Kvifor er regjeringa så sein med å fortelje kva oppgåver dei skal få?

– Heile årsaka til Kommunereforma er oppgåvene som i dag ligg i kommunane. Dei har fått masse nye oppgåver dei siste 50 åra sidan vi hadde førre kommunereform. Vi kan gjennomføre denne reforma utan at kommunane får nye oppgåver.

– Men det er framstilt som ei gulrot at ein skal få nye oppgåver?

– Reforma har to hovudmål. Vi skal sikre oss at tenestene til innbyggarane er sikra også i framtida, og vi ønskjer å gi meir makt og mynde til kommunane. Det får du gjennom fleire oppgåver og mindre statleg styring. Det kjem vil til å levere på, lovar statssekretæren.

Etter møte i Nordfjordrådet veit ordførar Sven Flo (H) i Stryn framleis ikkje kva som ventar.

– Vi har fått nokre svar, men svara på dei store spørsmåla får vi i samband med stortingsmeldinga torsdag. Den er vi veldig spente på, seier Flo.

Måndag kveld blir det halde folkemøte i Loen om kommunereform og storkommunar.