NRK Meny
Normal

Tok til å brenne bak hytta medan betongbilen var i fart - føraren kom seg uskadd ut

Sjåføren av betongbilen skal ha sett flammane slå opp bak hytta på bilen. Han fekk køyrt bilen ut til sida på fylkesveg 614 og kom seg ut i ein fart.

Betongbil totalskadd etter brann

STORE SKADER: Sjåføren kom seg uskadd ut då betongbilen byrja å brenne.

– Eg har snakka med sjåføren, og han er uskadd, seier dagleg leiar Terje Horsevik ved Sunnfjord Betong, som eig bilen som tok til å brenne på fylkesveg 614.

Han har ikkje sjølv vore på staden, men har vore i kontakt med sjåføren på telefon.

– Bilen kom av ferja på Isane og var på veg opp bakkane. Bilen var godt lasta med betong, seier Horsevik.

Han fortel at sjåføren sjølv merka at noko var gale.

Melde sjølv ifrå

– Han merka at flammane slo opp bak hytta, og fekk køyrt bilen ut på sida. Føraren kom seg heilskinna ut, seier Horsevik.

Han kjenner ikkje til kva årsaka til brannen kan vere, men påpeikar at dei reknar både bilen og lasta som tapt.

– Vi fekk melding like etter klokka 08.00 om at ein betongbil stod i brann på fylkesveg 614, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Per Rimmen.

Føraren av betongbilen skal sjølv ha meldt frå om brannen og skal ha komme seg trygt ut av bilen.

– Det skal ikkje vere snakk om personskade, seier Rimmen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Betongbil fullstendig utbrend etter brann

TAPT: Både køyretøy og betong er å rekne som tapt for Sunnfjord Betong, som eig betongbilen.

Foto: Rune Ripe / NRK

Står om lag åtte kilometer frå Langevatn

Politi og brannvesen rykte ut frå Svelgen til brannen.

– Så vidt vi veit skal dette vere om lag åtte kilometer frå Langevatn når du kjem køyrande vestfrå, seier Rimmen.

Vegtrafikksentralen melde klokka 19.31 at fylkesveg 614 er open att etter bilberging.

Laster kart, vennligst vent...

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå