Hopp til innhold

Kom seg ikkje opp frå bading

Politiet er lite nøgde etter at to menn klatra ned til Brekkefossen i Aurland for å bade i ettermiddag. Begge var sikra med tau, men berre den eine klarte å ta seg opp att i starten. Røde kors og politi vart varsla. Etterkvart kom også den andre seg opp på eigahand. Det har tidlegare vore dødsulukke ved fossen og politiet åtvarar på det sterkaste å ta seg ned til elva.

Brekkefossen