Kom over blodig mann i Sogn

Ein mann er frakta med luftambulanse til sjukehus etter at han blei funnen blodig ved ein traktor.

Traktorulukke i Sogn

KUTTSKADAR: Politiet veit førebels ikkje kva som har skjedd med mannen.

Foto: NRK

Mannen har blødd ein del og er våken, melder politiet. Han har kuttskadar i hovudet.

Det var i 10-tida fredag at politiet melde om mannen som blei funnen blodig ved ein traktor i Sogn.

Ulukka skal ha skjedd i samband med vedlikehald av utstyr på traktoren. Politiet opplyser om at ein slange losna og trefte mannen i hovudet.

– Han fekk eit slag i hovudet då han skulle gjere vedlikehald av utstyr bak traktoren, seier innsatsleiar Simen Brænd.

Mannen er frakta til Førde sentralsjukehus med luftambulanse etter ulukka.

Arbeidstilsynet blir varsla. Politiet har oppretta sak på hendinga og gjer undersøkingar på staden.