Hopp til innhold

Kom inn ni minutt før slutt - scora fem minutt på overtid

Ungguten Bjørn Inge Utvik takka for tilliten då han fekk sjansen.

Bjørn Inge Utvik

GLAD: - Vi hadde førebudd oss godt og stod på heile kampen. Det fekk vi betalt for, seier Bjørn Inge Utvik.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg fekk tjuvstarta litt i feltet og fekk plass til å boltre meg. Då ballen kom frå Kristian, tenkte eg at eg berre skulle prøve å styre han inn. Det var utruleg kjekt å få det målet, seier matchvinnaren nøgd.

19-åringen var klar på at når sjansen baud seg, skulle han gjere det han var kar om.

– Då eg vart bytt inn vel ti minutt før slutt, håpte eg at eg kunne vere med på å avgjere, seier Utvik.

Og det klarte han til gangs, og kan for første gong i Sogndal-karrieren kalle seg matchvinnar.

Laster innhold, vennligst vent..

Har spisskompetanse

– Det var skikkeleg kjekt at han fekk den scoringa. Han er ein av våre fremste unggutar som jobbar knallhardt og er skikkeleg profesjonell. Han kom inn, gjorde ein kjempejobb, og så fekk han scoringa i tillegg, seier ein jublande assistenttrenar Terje Skjeldestad.

Utvik heada ballen i mål etter ei pasning frå Kristian Fardal Opseth, også han innbytar i siste del av kampen.

– Du kan seie vi har spisskompetanse, ler Skjeldestad.

Styrketeikn at dei heldt nullen

Men lenge såg det ut til at sogndølene måtte forlate Ski stadion med berre eitt poeng i bagasjen. Begge lag hadde fleire sjansar, men ved fulltid stod det framleis 0–0.

– Vi møtte eit svært godt lag. Vi visste på førehand at Follo er eit vrient lag sidan dei har ein litt unorsk spelemåte. Vi var klar over at dei kom til å ha ballen mykje, men vi hadde god struktur. Kampen stod lenge og vippa, seier Skjeldestad.

Terje Skjeldestad

GJER GODT: - Det er ikkje tvil om at dette gjer godt for moralen i laget, seier assistenttrenar i Sogndal, Terje Skjeldestad.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ulrik Flo scora rett før pause, men dette målet vart annullert på grunn av offside.

– Vi heldt nullen, og det er eit styrketeikn. Så eg vil sei vi gjorde jobben mot eit godt fotballag, seier Skjeldestad.

Han legg til at plasseringa til Sogndal øvst på tabellen betyr mykje for moralen i laget.

– No skal vi ha 14 dagar utan kamp, og sesongen vert som eit maraton. Dette er utruleg viktig å ha med seg, seier Skjeldestad.

Dreg vidare på landslagssamling

Utvik dreg straks vidare til samling på U21-landslaget der han skal spele EM-kvalifiseringskamp mot Bosnia og privatlandskamp mot Austerrike den kommande veka.

– Det er travelt, men det er kjekt. Det er jo dette eg lever av. Sogndal har skaffa seg ein god posisjon. Vi har ikkje fått ut maksimalt potensial, men vi jobbar godt, og det lovar godt for resten av sesongen, seier Utvik.