Mindretalet av kommunestyrepolitikarane i Naustdal er kritiske til skulenedlegginga. Men dei hadde sjølv ikkje noko alternative innsparingstiltak.
Naustdal kommune må spare ti millionar kroner, og meiner dei vil kunne spare fire millionar kroner på å leggje ned Horstad skule og barne frå hausten av.
Viggo Leikanger frå Senterpartiet er blant dei som ikkje har noko tru på det.
– Det er hårfine marginar i forhold til kor vidt ein vil spare noko på dette eller ikkje. Får ein nokre elvar til, må ein dele klassane, og då er du oppe i same kostnad. Så ein flyttar berre kostnaden. I ein langsiktig tankegang er ikkje dette noko verdt, seier han til NRK.no.
– Det heng ikkje i hop
Fleirtalet i kommunestyret i Naustdal gjekk torsdag kveld inn for å leggje ned skulen på Horstad. I tillegg vil dei flytte 5. – 7.-klassingane i Vevring til Naustdal barne- og ungdomsskule.
Etter ein fleire timar lang oppheita debatt, var det 13 røyster som gjekk inn for dette, medan mindretalet på åtte kjempa for å behalde skulen.
- LES OGSÅ:
Senterpartipolitikar Viggo Leikanger forstår ikkje tankegangen til dei som har gått inn for kutta.
– I alle andre samanhengar vil ein at Naustdal skal oppleve vekst. Men ser ein på økonomien til skulen så håpar ein at det ikkje blir noko vekst. Det heng ikkje i hop, seier Leikanger.
Kom aldri med noko alternativ
Politikarane i Naustdal har lenge visst at kommunen må spare pengar, men Leikanger har framleis ikkje noko gode alternativ til kutt som ikkje vil råke skulen.
– Dette har eg ikkje noko fasitsvar på. Rådmannen og administrasjonen har berre gitt oss eit val, seier Leikanger.
– Men Senterpartiet har fleire politikarar som kunne ha kome med forslag, og spelt desse inn for kommunen og leiinga. Kvifor har ikkje det blitt gjort?
– Det er avgrensa kva ein har høve til å gjere. Når vi kjem med forslag blir vi avviste, seier Leikanger.