Hopp til innhold

Slepp å sone, men må punge ut etter «barbiedop»-salet

Mannen i 40-åra slepp å sone bak lås og slå, men må derimot ut med 10.000 kroner i bot etter å ha selt «barbiedop» over fire år.

Melanotan

ILLUSTRASJON: Mannen erkjende å ha selt Melanotan over fire år, men godtok ikkje fengselsstraffa og inndraginga han vart dømd til i Fjordane tingrett.

Foto: NRK

Mannen som på tidspunktet budde i Sogn og Fjordane, anka straffa han fekk i Fjordane tingrett. Men i Gulating lagmannsrett kom han ikkje økonomisk betre ut av det.

Inndraginga på ein halv million kroner som politiet meiner han tente på salet, står ved lag.

Importerte 1814 ampullar

Det var i perioden 2007 til 2011 at mannen importerte 1814 ampullar med det mykje omtala «barbiedopet». Av dette selde han vidare kring 1700 ampullar og omsette ifølgje eigne politiforklaringar for nær ein million kroner.

Melanotan, som er verkestoffet i ampullane, er ikkje godkjent som legemiddel, men er mykje nytta spesielt av yngre jenter. Stoffet påverkar celler slik at huda blir brun. Statens legemiddelverk fryktar det kan føre til vondarta hudkreft.

I tillegg kan bruk av medikamentet føre til auka seksuell opphissing, kvalme og nedsett matlyst. Desse eigenskapane har gjeve middelet kallenamnet «barbiedop».

Ny sak under etterforsking

To personar som politiet meiner medverka i omsetnaden fekk høvesvis 10.000 og 15.000 kroner i bot. Sistnemnde har også akseptert inndraging på 60.000 kroner.

Difor meinte forsvararen til mannen at det også ville vere rett å reagere med bot mot den tiltalte mannen.

Det ligg føre ikkje rettspraksis på området, så avgjerda i saka er difor både prinsipiell og viktig. I Vestoppland politidistrikt er ei tilsvarande sak under etterforsking .

Selde på nett

Lagmannsretten lytta til påstanden frå forsvararen, men bota kom derimot i tillegg til fengselsstraffa. Retten la i straffeskjerpande retning vekt på at mannen selde over fire år, sjølv om han visste at det var ulovleg .

Mannen vart i Fjordane tingrett dømd til fengsel i 90 dagar, samt inndraging av ein halv million kroner som politiet meinte han hadde tent på salet.

Avgjerda anka han til Gulating, der altså inndragingsbeløpet vart ståande ved lag. Derimot vart fengselsstraffa redusert til 60 dagar, og gjort på vilkår med prøvetid på to år. Derimot må han betale 10.000 kroner i bot til staten.