NRK Meny
Normal

Gjekk på trynet, øydela våpenet og fekk ein saftig blåveis

Det gjekk hardt for seg på isete løyper då Håvard Gutubø Bogetveit vart beste norske under torsagens IBU-renn i Tyskland.

Håvard Gutubø Bogetveit med blåveis

FULLFØRTE: Håvard Gutubø Bogetveit var eit fall frå pallplassering under dagens IBU-renn i tyske Arber. Med fjerdeplass vart han best av dei seks norske skiskyttarane.

Foto: Vegard Bitnes

Med 4. plass er skiskyttaren frå Førde likevel strålande nøgd med rennet i Arber.

– Det vart eit spesielt renn, men med fallet på første runde i tankane er eg veldig nøgd med å gå så fort og skyte så pass bra, seier Håvard Gutubø Bogetveit.

Saftig blåveis

Håvard Gutubø Bogetveit

KUL: Håvard Gutubø Bogetveit fekk ein kraftig blåveis etter fallet i Arber.

Foto: Privat

25-åringen fortel om ei isete løype for skiskyttarane som i dag gjekk 20 kilometer under IBU-cupen i tyske Arber.

Ein sving, litt for høg fart og innerski viste seg å bli ein dårleg kombinasjon for førdianaren. Resultatet vart øydelagt gevær og ein saftig blåveis.

– Då eg slo hovudet i isen fekk eg ein skikkeleg kul under auget eg siktar med. Kulen vart berre større og større under konkurransen, så det var berre så vidt eg klarte å sjå gjennom siktet på siste serien, fortel han.

Øydela våpenet

Våpenet til Håvard Gutubø Bogetveit vart øydelagt i Arber.

ØYDELAGT: Kolbekappa vart øydelagt i fallet.

Foto: Privat

I tillegg sprakk stokken på våpenet, medan kolbekappa knakk. Før første skyting måtte han også tømme siktet for snø.

Om ikkje det var nok, fekk bereselen seg ein smell i fallet. Med våpenet nærast slengande bak seg fullførte Bogetveit rennet og kom i mål 2,9 sekund frå pallplass. På standplass vart det med ein bom. Utan fall kunne han fort hamna på pallen.

– Det gjekk med nokre sekund i fallet og nokre sekund på å få orden på våpenet. Eg tapte i alle fall 30 sekund, seier han og legg til.

– Det var annleis å skyte utan den bakarste dele på våpenet, men artig å handtere det.

Pallen under IBU-rennet i Arber

NESTEN: Franske Jean Guillaume Beatrix, russiske Petr Paschenko og Vladimir Tsjepelin frå Hviterussland tok pallplassane. Gutubø Bogetveit vart nummer fire, 34 sekund bak andreplassen.

Foto: Vegard Bitnes

Håpar på EM-plass

Håvard Gutubø Bogetveit

NØGD: Det gjekk hardt utover både Håvard Gutubø Bogetveit og våpenet hans under dagens IBU-renn i Arber.

Foto: Vegard Bitnes

Og dramatikken var ikkje over med målpasseringa. Bogetveit hadde magasinet i då han blåste vekk snøen frå siktet. Det er ikkje lov.

– Det same skjedde med Sjipulin i verdscupen, og då valde dei å ikkje diske han. Difor ville dei heller ikkje diske meg, seier han.

– Kva betyr 4.-plassen for sprinten i helga og resten av sesongen?

Våpenet til Håvard Gutubø Bogetveit etter fallet

SPREKK: Våpenet til Håvard Gutubø Bogetveit fekk ein sprekk i fallet.

Foto: Privat

– Det gir meg ei forvissing om at eg skyt bra og går fort. Så ligg eg veldig godt an til å bli teken ut til EM om to veker.

Men før både EM i italienske Ridnaun og helgas sprint for dei nest beste skiskyttarane i Europa, må våpenet reparerast og hevelsen under auget dempast.

– No skal vi prøve å få limt saman våpenet så det blir klart til laurdag. Det er eg ikkje uroa for. Då er det verre med blåveisen, ler han.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.