Hopp til innhold

Skal designe fiskebåtar for russarane

Eit av Russlands største reiarlag vil ha Skipskompetanse med på laget når dei no skal få seg tre nye fiskefartøy.

Skipskompetanse på signeringseremoni

SEREMONI: Kontrakten med russarane sikrar Skipskompetanse godt med arbeid i 2016. – Kontrakten er viktig i ei tid med stor turbulens, seier dagleg leiar Per Jørgen Silden (nr. 3 f.v.).

Foto: Privat

Ein delegasjon frå Måløy reiste nyleg til Russland for å signere kontrakten om levering av design, arbeidsteikningar og teknisk bistand til bygginga.

Skipskompetanse har spesialkompetanse innan design og tekniske utformingar.No kan dei seks tilsette sjå fram mot eit hektisk 2016.

– Vi jublar for kvar kontrakt vi får, og med denne har vi sikra oss mykje arbeid ei god stund framover, seier dagleg leiar Per Jørgen Silden til NRK.

Sikra opsjon

Det er eit av dei største fiskeriselskapa i Petropavlovsk – Kamsjakta-regionen, V.I. Lenin Collective Fishing Farm, som har engasjert ingeniørselskapet frå Måløy. Regionen står for ein stor del av fiskefangsten landa i russiske farvatn.

Snurparar

SNURPARAR: Designen Skipskompetanse no skal levere er brukt til trål, snurrevad og ringnot havfiske. – Resultata som vi no ser kjem av hardt kvalitetsarbeid frå alle, både tilsette og andre knytt til selskapet, seier dagleg leiar Per Jørgen Silden.

Foto: Illustrasjon / Skipskompetanse

Russarane har også signert opsjon på ytterlegare fiskefartøy.

– Kontrakten er ein viktig milepele for Skipskompetanse og vår internasjonale satsing i 2015. Nasjonalt satsar vi og innanfor fiskeri, og vi vonar og trur sterkt at vi skal lukkast vidare også i det vi kallar heimemarknaden, seier Silden.

Levering 2018

Båtane skal byggast på russiske verft. Dei er 50 meter lange, 12 meter breie og blir klargjorde for eit mannskap på 15. Første fartøy skal leverast første kvartal 2018

Tidlegare i 2015 har Skipskompetanse og levert designpakkar til tre brønnbåtar for Rostein.

– Det andre skroget kom til Larsnes i går, og vi har to under bygging i Polen. Desse skal leverast i 2016 og 2017, seier Silden.