Hopp til innhold

Kom deg ut i finvêret - snart snur det

Vêret byr på ein smak av sommar med isblå himmel og ei skinande sol på laurdag, men nyt det før det snur.

Laster Twitter-innhold

Mange stader ligg temperaturen på over 20 grader i dag. Sit du inne og tenker at du heller skal nyte ein fin og varm dag ute i sola på sundag, så bør du truleg tenke deg om.

– På sundag fell temperaturane, og det ser ut til at dette blir dagen med mest vind denne helga, seier meteorolog Steinar Skare.

Men allereie på laurdag kjem vinden for å øydelegge noko av finvêret.

– Det kjem meir vind, og vi får auke til ein nordleg liten kuling på kysten. Ved Stad ser vi ein stiv kuling og kanskje opp mot sterk kuling på kvelden, seier meteorolog Tone Kristin Taule.

Trekk du frå gardinene ute ved kysten sundag morgon, så kan det vere skodde du ser.

– Det blir mykje fint vêr, men tåkeskyene kan trekke inn frå havet. Er vi heldige forsvinn desse på føremiddagen.

Idyll

IDYLL: Nokon nyt denne fine dagen ute på sjøen. Laurdag ser ut til å vere vêrvinnaren denne helga, seier meteorologane.

Foto: INSTAGRAM/LATTERGALEN 2 / PRIVAT

Snur i neste veke

Allereie no og framover vert det gradvis lågare temperaturar framover.

– Måndag blir ikkje så verst, først på tysdagen ser vi ei svekking og at lågtrykket gir aktivitet frå tysdag ettermiddag, seier Taule.

Det er godt nytt når det er sendt ut varsel for gras- og lyngbrannfare sør for Stad. Sol og høge temperaturar har gjort bakken tørr, spesielt i ytre strok.

Laster Twitter-innhold