Hopp til innhold

Koloss til Flåm på jomfruturen

Den 29. april sig eit nybygd cruiseskip med store dimensjonar inn Aurlandsfjorden. Dagen før legg det til kai i Olden.

Cruiseskipet Britannia

GIGANT: «Britannia» i Southampton 10. mars.

Skipet vart døypt i Southampton 10. mars i år. Det fekk namnet «Britannia», og gudmora var ingen ringare enn dronning Elizabeth II. No er skipet frå P&O Cruises ute på sitt første tokt.

Når det kjem til Flåm den 29. april kjem det til å vise godt att i den smale fjordarmen. Skipet er 330 meter langt, det har 15 passasjerdekk, og det er lugarplass til 4324 menneske.

Mannskapet tel 1398 personar, og skipet har ein tonnasje på 141.250. Dermed blir «Britannia» det største som kjem til Flåm i år, målt i tonnasje.

Men seinare kjem eit skip som er lengre, "Msc Splendida" er 333,3 meter langt. Og i fjor var «Independence of the Seas» med ei lengde på 339 meter i Flåm.

Cruiseskipet Independence i Flåm 2014

STØRSTE I FJOR: «Independence» fylte godt opp inst i Aurlandsfjorden.

Foto: Jan Christian Jerving

Folksamt i Flåm den 29. april

Den 29. april bør dei sogningane som ikkje likar for mykje trengsel halde seg langt unna Flåm, for i tillegg til «Britannia» kjem det eit mindre skip med plass til 906 passasjerar. Med andre ord kan det vandre godt over 5000 menneske rundt i Flåm denne dagen, dersom begge skipa er fullbooka, og alle tek seg ein tur i land.

Årets cruisesesong er alt godt i gang i Flåm, den blir avslutta den 22. september. Då har det vore i alt 132 anløp med til saman rundt 180.000 cruisepassasjerar innom.