Kolonnelys betrar regularitet

Kolonnelysa som er på plass på Hemsedalsfjellet vil betre regulariteten over fjellet og føre til færre stengingar. Avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen seier til Sogn Avis at dei tydelege lyspunkta vil gje meir rom for fri ferdsle eller kolonne framfor full stenging. 105 kolonnelys er plassert ut på 3,5 kilometer over fjellet, og det er første gong slike lys blir brukt i Sogn og Fjordane.