Hopp til innhold

Kolonnekøyring, snø og glatte vegar mellom aust og vest

Vintervêret skaper utfordrande køyreforhold for dei som skal kome seg over fjellet i helga. Og det er venta endå meir snø.

Hemsedalsfjellet

MYKJE SNØ: Det er ein god del snø på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet. Dette biletet er frå tidlegare i år.

Foto: Statens vegvesen

– Det er ustabilt ver i fjellet no, så det er vanskeleg å spå korleis det kjem til å sjå ut, men nett no har det kome ein del snø, seier Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Brøytemannskap har brukt natta og morgontimane til å prøve å få vekk mest mogleg snø, men det framleis vere litt krevjande å køyre.

Snøen og vêret har ført til at Vegvesenet driv kolonnekøyring på fleire av dei viktige fjellovergangane mellom Aust- og Vestlandet.

Klokka 11 var det kolonnekøyring her:

  • Riksveg 15 over strynefjellet
  • E134 over Haukelifjell

På riksveg 52. over Hemsedalsfjellet har det vore kolonnekøyring ei god stund, men klokka 10 opna vegen for fri ferdsle. Det same gjeld fylkesveg 50. Aurland-Hol, som opna for fri ferdsle klokka 11. Vegvesenet tek atterhald om at det kan endre seg på kort varsel begge stader.

Over Hardangervidda er det kolonnekøyring for tunge køyretøy, medan vegen over Vikafjellet er heilt stengd.

Vegen over Filefjell har vore open i heile natt, og er det framleis.

Vinterføre på Strynefjellet

GLATT: Det er glatt på Strynefjellet, og Vegvesenet har innført kolonnekøyring. Dette biletet er frå tidlegare i år.

Foto: Statens vegvesen

Det er venta meir snø

Og snøvêret har ikkje planar om å gje seg heilt endå. Heile laurdag skal det kome ein god del snø på alle fjellovergangane.

– Men eg trur og håpar at brøytemannskapet skal klare å få det unna, slik at det skal gå fint å køyre. Likevel torer eg ikkje å spå, for fjell er fjell, seier Erikstad ved Vegtrafikksentralen.

Jan Erikstad

USTABILT: Jan Erikstad fortel at det er ustabilt ver i fjellet.

Foto: Jan Christian Jerving

Det kan også vere glatt på dei snødekte vegane. Natt til laurdag var det så glatt at eit vogntog køyrde seg fast på riksveg 5 mellom Jølster og Sogndal. Vogntoget vart ståande i fleire timar, men like etter klokka åtte skal bilbergar ha klart å få det vekk frå vegen.

Folk blir likevel oppmoda om å køyre forsiktig, og følge med på status for den vegen dei har tenkt å køyre.