Hopp til innhold

Kolonnekøyring over Hemsedalsfjellet

Eit vogntog har køyrt seg fast på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, og det er meldt om veldig glatte vegar.

Vogntog har køyrt seg fast på Hemsedalsfjellet

UTFOR VEGEN: Dette vogntoget har køyrt seg fast på Hemsedalsfjellet.

Foto: NRK-tipsar

– Det er såpeglatt på vegen, så folk må vere forsiktig. Alle vogntog må ha på kjetting, seier Stig Oldeide.

Han har køyrt over Hemsedalsfjellet i dag, og trefte på vogntoget som stod i vegkanten.

– Vogntoget står fast på austleg side av fjellet, og ein bør vere litt varsam når ein kjem køyrande, sa Oldeide rundt klokka 17. No skal vogntoget ha kome seg vidare.

Oldeide kjente sjølv at det var glatt på vegen då han kom køyrande i dag.

Tidlegare i dag melde Vegvesenet at det var ruskete på fjellovergangen, og får klokka 17 må ein køyre i kolonne for å kome seg over fjellet.

– Det er vêret og føret som gjer at vi innførte kolonnekøyring. Vi ser det an utover kvelden, det kan fort bli kolonne ei god stund, seier Kjetil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.