Hopp til innhold

Kolonnekøyring i heile Lærdalstunnelen

Frå komande måndag blir det kolonnekøyring i heile den 24,5 kilometer lange Lærdalstunnelen.

Lærdalstunnelen

LANG KOLONNEKØYRING: Trafikken skal frå måndag gå i kolonne i 70 kilometer i timen gjennom heile den 24,5 kilometer lange Lærdalstunnelen.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Fram til no har det sidan sist haust vore arbeidd med ombygging av styringssystemet i tunnelen, og det har vore kolonnekøyring på nokre strekningar i tunnelen, i tillegg til nedsett fartsgrense.

Innmaten i naudskåpa er bytt ut, og det er montert kamera i tunnelen. No går arbeidet inn i ein ny fase. No skal dei byte hovudstyringseiningane gjennom tunnelen. Desse einingane styrer ventilasjon, stenging, varsling og overvaking mot Vegtrafikksentralen.

– Viktige delar av tryggleksutstyret vil mangle i den perioden dette arbeidet pågår. Difor blir det kolonnekøyring i heile tunnelen fram til påske. Det gjeld heile døgnet og alle dagane i veka. Slik vil vi redusere risikoen for ulukker, seier byggeleiar Jens-Ivar Nilsen i Statens vegvesen.

Jens-Ivar Nilsen

HÅPAR PÅ TÅLMODIGE BILISTAR: Byggeleiar Jens-Ivar Nilsen i Statens vegvesen.

Foto: Heidi Ravnestad / Statens vegvesen

Ber om forståing

Han ber trafikantane om forståing for at dette må til.

– Eg forstår at det kan vere vanskeleg i og med at det i dette tilfelle vil vere store område i tunnelen der det ikkje er aktivitet. Vi må ha kolonnekøyring av tryggleikemessige årsaker, og eg ber om at trafikantane ikkje let dette gå ut over trafikkvaktene. Dei har ikkje noko skuld i dette.

Mellom klokka 06.30 og 23.00 vil det bli fire kolonnar i timen med avgang frå kvar side; Kvar heile time, kvart over, kvar halve time og kvart på. Mellom 23.00 og 06.30 vil det vere kolonneavgangar frå kvar side kvar heile og kvar halve time. Kolonnane vil halde ein fart på 70 kilometer i timen.

Skal halde rundkøyringa open

På Lærdalssida er det kort veg frå rundkøyringa på Håbakken til tunnelopninga, og dermed kan køen før kolonnane fort føre til at det også står bilar i rundkøyringa og sperrar for trafikk mellom Lærdal og Borlaug. Nilsen seier at dei tek høgde for det.

– Vi vil ha dirigentar ståande i rundkøyringa for å få losa dei som skal rett fram gjennom. Vi håpar at det skal gå bra.

Mange trafikantar som har køyrt Lærdalstunnelen sidan arbeidet starta har lurt på om det verkeleg pågår noko arbeid. For dei ser veldig lite av aktiviteten, og mange har stilt spørsmål ved om det kan vere naudsynt med nedsett fartsgrense.

– Det meste av jobben i Lærdalstunnelen skjer i tavleromma. Ein moderne vegtunnel er veldig avansert med tanke på styring og overvaking, og alle desse systema skal sikre tryggleiken til dei vegfarande, seier Nilsen.