Kolonnekøyring frå i dag av

Trafikantar på riksveg 5 mellom Sogndal og Fjærland må frå i dag av rekne med noko ventetid ved Frudalstunnelen, melder Statens vegvesen. Det blir kontinuerleg kolonnekøyring heile døgnet. På dagtid blir ventetida på inntil 15 minutt. På natt blir ventetida noko lengre, inntil ein halv time. Kolonnekøyringa startar måndag morgon, og vert avslutta fredag ettermiddag.

Frudalstunnelen på riksveg 5
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK