Hopp til innhold

Her må du bu deg på opptil to timar venting

På riksveg 52 over Hemsedalsfjellet køyrer dei fredag kveld doble kolonner grunna smal vegbane. Også på E16 over Filefjell er det styrt trafikkavvikling. Det er lange køar spesielt på vestsida av fjella.

Kø før Borlaugkrysset

LANG, LANG REKKJE: Dette biletet er teke eit par kilometer før Borlaugkrysset.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Både på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet og på E16 over Filefjell har det sidan fredag ettermiddag vore køyrt kolonne på grunn av smal vegbane og krevjande forhold.

Det har ført til lange køar, spesielt på vestsida av fjellet, både av vanlege bilistar og mykje tungtrafikk.

– Ventetida på riksveg 52 er om lag to timar. Det har halde seg relativt stabilt. Nett no er det tomt for bilar på Bjøberg, men derimot lange køar frå Borlaug og nedover, seier vakthavande ved Vegtrafikksentralen, Jan Erikstad.

Brøytemannskapa har teke grep for å få med så mange køyretøy som mogleg i kvar kolonne.

– På riksveg 52 over Hemsedalsfjellet køyrer dei no doble kolonner, så dei tek med seg det meste av køen kvar gong, seier

Det er ikkje breitt nok til to køyrefelt, og difor praktiserer ein styrt trafikkavvikling på strekninga. Ventetida er om lag to timar

– Det er på det jamne med trafikk. Fredag er fredag, då er det mange på vegen, i tillegg til ein del tungtransport, seier Erikstad.

Likevel har det så langt ikkje vore meldt om dei store problema i trafikken.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kø på Borlaug

LANGE KØAR: Det er bilar på rekkje så langt auga kan sjå på Borlaugkrysset.

Foto: webkamera / Statens vegvesen

Vil unngå at nokon vert ståande

På E16 over Filefjell er det også styrt trafikkavvikling, og her er ventetida på om lag 45 minutt.

– Også her har ventetida vore ganske stabil. Eg har ikkje fått tilbakemeldingar om noko anna, seier Erikstad.

Trass i lange køar, har telefonen stått relativt stille på Vegtrafikksentralen.

– Det har vore stilt. Men folk pleier å ha forståing når vêr og køyretilhøve er slik det er no. Då må ein ta tida til hjelp, seier Erikstad.

Riksveg 13 over Vikafjellet er stengt på grunn av uvêr og her vert det ikkje opna att fredag.

Også fylkesveg 50 Hol-Aurland er stengd grunna uvêr.

– Men elles går trafikken jamt, og det er ikkje dei store problema, seier Erikstad.

Melder små endringar

Vêrtypen som vi har hatt denne veka, skal halde fram ut i neste veke.

– Det blir små endringar i løpet av helga. Det er austavind og mykje vind på utsette stadar. Sterk kuling og av og til også opp i sterk storm, seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Harald Abildsnes.

Det vert ein nokså skya vêrtype, men med gløtt av sol innimellom.

– Men det blir ikkje det som dominerer. Det vil bli lite eller ingen nedbør, seier Abildsnes.

Slik prognosane ser ut no, kjem vêret til å halde seg på denne måten fram til midten av neste veke.

(Artikkelen held fram under videoen)

  • LES OGSÅ:

Kjennest kaldare enn det er

– Det held til onsdag ein gong. Det kjem rett nok ikkje til å vere fullt så mykje vind neste veke, som det vi har no. Men det vil framleis blåse kuling. Elles lik vêrtype, seier Abildsnes.

Også temperaturen kjem til å halde seg stabil, men kanskje bitte litt kjøligare.

– Den går kanskje litt ned over helga, men vi snakkar små endringar her, seier Abildsnes.

Han legg til at sjølv om ikkje temperaturane er så veldig låge, så kjennest det mange stadar mykje kaldare ut.

– Særleg der ein merkar vinden godt, så er det kaldt, sjølv om det ikkje er mange kuldegradene. På kysten har dei nokon få plussgrader, men likevel vert det surt, seier Abildsnes.